JULEFESTANE

 

Leitestova

Den første julefesten på Lid var  i 1892. Den vart helden i Leitestova og Henrik Kårstad var festtalar. Det var urpremiere på songen «Nu vårt festtre pyntet står», eller «Festtresongen». Teksta er skriven av Andreas Annaniason Lid,(onkelen til Besta) og eg veit ikkje om den fins andre stadar enn på Lid, men der har den vore songen på alle julefestar sidan.

Her er eit opptak frå 2000. Rett nok dårlig opptak, men likevel.:) Det litt artige med julesongane er at alle har «gå rundtjuletreet takt» 🙂

SO gammal er eg ikkje at eg hugsar dette, men eg har eit opptak frå bygderadioen, der far fortel om korsongen og julefestane på Lid, etter notatar av Ivar Eidheim.

Men julefestane frå barneåra kan eg hugse:)

2. juledag var det ungdomsfesten. Den hadde ungdomsforeininga ansvaret for og den var på kvelden. Det var songinnslag, gjerne Mannskvartetten, tale, og matykt i Bedehuskjellaren. Allereie når ein kom inn døra på Bedehuset kunne ein kjenne kaffidufta frå den kjempedigre kjelen nede på kjøkenet. Der nede skramla damene med kjøreld, og det lova godt 🙂 Kaffilukta blanda seg med lukta frå det store juletreet oppe i salen, – då var det fest. Først måtte ein kle av seg alle lag med ytterklede, og finsko hadde vi med i pose. Det nytta ikkje å gå i finsko den longe vegen, i alt slags ver. Treet var so flott pynta. Det hadde kuler vi kunne spegle oss i, og spir på toppen. Det gjekk gjetord om desse festane, og det kom folk frå Yksnøy, Steinnes, Sørheim, Volda og Ørsta. Songen rundt juletreet var heilt fantastisk . Firstemmig song og tre – fire ringar rundt treet. Vi som fekk oppleve dette er utrulig heldige.

3. juledag var det fest på skulen på Steinnes. Omtrent på same viset der nord. Der hadde dei fyrt opp i den gamle høge omnen, so der var godt og varmt. God mat vart servert i kjellaren. Og det viktigaste var gongen rundt juletreet.

4. juledag var det skuleborna sin tur. Denne festen var litt tidligare, slik at også små born kunne bli med. Folk tok med mat sjølv, men det vart servert kaffi og saft. Det var spennande og sjå kva mor hadde teke med. På denne festen foregjekk matykta i benkeradene. Toppen på benkane på bedehuset gjekk an å brette over slik at det vart som bord.

Konkurranse
Skodespel

Programmet som vi hadde funne, og øvd på skulle framførast. Det var ikkje lite spenning knytta til det, men det gjekk som oftast veldig bra 🙂 Gangen fungerte som garderobe. Der skifta vi kostymer og venta på at det var vår tur på scena igjen. Kulissene hadde vi ofte gjømt bak orgelet. For å kome på og av scena måtte vi gå opp og ned midten, mellom benkerekkene og publikum. Ikkje for å skryte – eller jau faktisk – vi var veldig flinke 🙂 Det var spennande og kjekt. Når program og matykt var unnagjort, vart benkane løfta oppå kvarandre oppetter veggane, og det vart gong rundt treet. 🙂

Gong rundt juletreet

Kan også hugse at vi var på Yksnøya, men ikkje kva dag det var. Berre at det var veldig koselig i den gamle skulestova. Der var det også fyr i omnen, godt lag, og god mat 🙂

Det eg syns er den finaste julesongen, og som eg blir like rørt av kvar gong, er: «Jeg minnes en kirke der hjemme». Et par vers går sånn:

Ved kirken der hjemme nu hviler, så mange som var meg så kjær. Med tårevett øye jeg smiler, ved tanken på dem som er der.

Kor: Kom til den hvitmalte kirke, o kom til Guds fredlyste hus. Enn lyder så titt i mitt øre, klokkeklemtet og granenes sus.

En gang når mitt øye skal briste, og hjertet opphører å slå. Jeg ønsker at også min kiste, en plass der ved kirken skal få.

Desse versa får meg til å tenke på gravplassen i Berkvika og dei som ligg der. Sjølv om det ikkje er ei kirke der, men eit klokketårn. Ettersom åra går vert denne songen endå sterkare. Til fleire er det å tenke på, på fleire gravsted. Ja, litt melankolsk er det vel lov å vere i jula 🙂

Framleis fredelig og god jul og godt nytt år  🙂

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *