Pleieheimen.

«Vonheim»

Ved århundreskifte var tuberkulose ein utbreidd sjukdom i Norge. Det vart bygd fleire pleieheimar og sanatorium rundt om i landet.

Pleieheimen «Vonheim» i Volda vart teken i bruk i 1912. Vart bygd for innsamla midlar av sanitetskvinnene, med Wilhelmine Eng som pådrivar. Ho fekk kongens fortenestemedalje i 1914 for innsatsen sin. 🙂 Det står ein bauta til minne om henne og mannen Normann i hagen.

Wilhelmine og Normann Eng til minne

Etter krigen endra behovet seg og Volda sjukehus brukte det til rehabelitering og avlastning. Seinare leigde kommuna det til sjukeheim, fram til den nye vart bygd i 1988. Etter det har Volda sanitetslag brukt det til foreiningslokale, bingo, og leigd ut til diverse.

Kommuna leigde det fleire somrar til avlastningsopphald for eldre. Då kjaurde eg (og andre) ut middag og andre matvarer frå Fjordsyn 🙂

Syns det var litt småekkelt å gå denne brua med fulle hender 🙂

No er eigedomen selt, og i dag hadde sanitetsdamene loppemarnad for å få hjelp til å tøme huset.

Dette var min første arbeidsplass. Eg hadde sommarjobb på kjøkenet, når eg var 17 og 18 år, – eg tente pengar til førarkort. 🙂 Mor mi arbeidde her, også på kjøkenet, frå -76 til dei la ned drifta, då flytta ho arbeidplass til Fjordsyn.

Derfor ville vi nytte anledninga til å besøke vår gamle arbeidsplass ein siste gong 🙂

Det var veldig koselig å sjå igjen det gamle kjøkenet. Nesten akkurat slik eg huskar det. Berre litt små forandringar. Og det står litt ting som sanitetsdamene vil ta vare på. Men vi ser tegninga 🙂

Vi laga mat til 12 – 13 pasientar, om ikkje eg huskar veldig feil.

På benken til venstre smurte vi frokost og kveldsmaten. Og til høgre var oppvasken. På stolane ved bordet kunne vi ta ei lita pause innimellom. Med nydelig utsikt utover fjorden (litt meir attvokse no). Denne tida var det noko som heitte deltvakter. Dvs. ein arbeidde først frå tidlig morgonen, hadde fri eit par timar, for so å fortsette på ettermiddagen og ut dagen. På kjøkenet var vi ferdige for dagen kl.19.00. Då var det ofte eg berre sat her. Det vart for longt å sykle heimatt for å snu 🙂

Maten vart tillaga og servert på brett. Desse hadde vi klar på denne benken når pleiarane kom å ville ha den. Her sto bretta på rekke og rad, og dei fekk eit og eit ut gjennom luka, til namngjeven pasient 🙂

Før middag måtte golvet vaskast, for å bitte støvet. Hygiene vart prioritert svært høgt på dette kjøkenet. Det var gullande reint. 🙂

Den «gamle» kokka på pleieheimen 🙂

Ved denne benken vart middagen laga. Der sto to komfyrar midt på golvet. Det var skikkelig, -vanlig mat. Sånn som folk var vande til. Og det var suppe eller dessert til. 🙂

Det eg likte minst, var når eg måtte ned i kjellaren. Der hadde vi eit lite lager, med bl.a. melk. Når eg måtte ned dit, var det å trekke pusten djupt (for eg heldt den omtrent medan eg var der nede) og vere så rask som mulig 🙂

Kjellaren. Frå trappa og bortover.

For å kome til lageret måtte eg forbi fleire dører med mørke rom. Der var heldigvis utgang i enden 🙂

Frå utgangen og innover

Var ganske rask i dag også, når eg var ned og tok desse bilda 🙂 🙂

Det var ein fin, god og kjekk arbeidsplass dette 🙂 Godt miljø, med flinke gode medarbeidarar.

Kom over dette fantastisk flotte bildet, som er laga av fyrstikker – brende i forskjellig grad for å få fargenyansar, i dag.

Han som har laga det heitte Michael Prozenko, og var ein tuberkuløs flyktning (frå Ukraina, Latvia eller Litauen). Han budde i det lille raude huset i 60 åra.

Tusen takk til sanitetskvinnene som har styrt i dette huset, for arbeidet dei har gjort og gjer.

Lykke til vidare i dei nye lokala i Halkjellsgata 🙂

 

 

 

2 kommentarer til «Pleieheimen.»

  1. Hei.
    Skulle så gjerne hatt dette om Vonheim-Pleieheimen-Sanitetshuset som du har skreve på «papir»-synes det var så flott fortalt.
    Har prøvd å ta det ut,men fikk det ikkje til.
    Kunne vært flott å hatt det og lest det opp på første møte i dei nye lokala-når
    vi startar opp igjen i slutten av august.
    Mvh.Annie

Legg igjen en kommentar til Annie Sandvær Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *