Gamle skattar og Anders Vassbotn

På mi vandring i gamle skattar, kom eg over Programbladet nr.27 frå 1958.

Med Kong Olav på framsida tenkte eg at Besta hadde kjøpt og teke vare på bladet av den grunn. Ho var svært opptatt av kongestoff, både det norske kongehuset og dei europeiske. Det var spennande å opne bladet for å sjå kva slags program dei kunne ha på den tida 🙂 Og rett nok, på andre side:

Først i bladet var det omtalar av utvalde program.  Også ei omtale om korleis Norsk Rikskringkasting tok til. Det var prøvesendingar i 1923. Kringkastingselskapet vart skipa i 1925 og det var høgtideleg opning 29. april. Det var soleis 25 årsjubileum i 1958.

I sjølve programoversikta dukka det faktisk opp ei kjend rekke program som såg omtrent sameleis ut når eg var lita 🙂

Den store forskjela på då og no, er at det også er program frå utlandet. Og at fjernsynsprogrammet mangla fullstendig 🙂

Ikkje so rart sidan ingen hadde fjernsyn enno.:)

det var til og med engelsk kurs 🙂

Den store overaskinga kom på side 6 og 7. Der lyste kjende motiv mot meg, so eg vart reint forbausa. 🙂 Eg trur det datt utav meg: Næmmen ka i alle dage – Volda??? 🙂  Eg hadde ikkje venta at det skulle vere omtale av eit program frå Volda. Det viste seg at denne helga var Volda møtestad for den frilynde ungdomsrørsla som hadde sitt årsmøte.

Programmet og artikkelen er laga av Arne Græsdal.

Artig. Med Ristegarden, der eg var og leverte middag i si tid.  Årflot prenteverk på Egset, no museum. Eit meir moderne Årflot prenteverk i Volda sentrum gir ut avisa «Møre». Det er etterkomarane til Sivert Årflot som framleis eig og driv. Det nye samfunnshuset som no er renovert. Likeeins er Kårstadbygget under renovering og  er ein del av høgskulen.

Det eg vart mest nyskjerrig på var likevel biletet øverst til venstre. «Garden til Anders Vassbotn. Frå avdukinga av minnesteinen».

Anders Vassbotn 16. mai 1868 – 30. aug. 1944

Bonde, diktar og politikar.

Eg måtte finne ut meir om denne mannen. Eg må ha vore vekk frå skulen den dagen vi lærte om han. 🙂 Vel visste eg at han har skreve songen «Å leva det er å elska» som står i salmeboka, og er mykje brukt over heile landet. Også «Mor» og «Min barneheim under grøne lia». Nydelige tekster som går rett i hjarterota på meg. Eg har også visst lenge kvar garden hans ligg, fram i Vassbotnen. Det må vere ein av dei finaste plassane i Volda kommune 🙂

Med god hjelp frå Allkunne og Wikipedia, fann eg mykje meir eg ikkje visste.

Han gav ut fire diktsamlingar og fem skodespel.

Ikkje berre var han ein pioner i den frilynde ungdomsrørsla frå 1894 og sat i styret i fleire år.

Han sat i heradsstyret (kommunestyret) i Volda for Venstre frå 1902 og var ordførar frå 1910 til 1913.

I 1913 kom han inn på stortinget og sat der til 1930. Han var på talarstolen 25 gongar det første året, noko som var uvanleg for ferske stortingspolitikarar. Han arbeidde hardt for kultur, distriktspolitikk og målsaka.  Han var med på å få gjennom målparagrafen i folkeskulelova.

To gonger takka han  nei til å bli kyrkjeminister.

Han sat også i Nobelkomiteen. Først som vara, so som fast medlem frå 1938 -1939. (en plass står det at han var vara frå 1931 til 1942, medlem 1939 og fungerande medlem 1940 til 1943)

Han var ei tid formann i styret for Sunnmøre Museum, og Norges Bank si avdeling i Ålesund.

Må berre oppmode og anbefale å google Anders Vassbotn. Det blir for mykje å skrive her 🙂

Men – fleire spørsmål melder seg:

Kvifor er ikkje denne mannen meir profilert i Volda?

Kvifor har vi ikkje statue av han nedi gatå? Som dei har i Ørsta av Ivar Aasen og Anders Hovden. Kanskje kunne bautasteinen vore flytta til offentleg grunn? Eller i det minste eit minnesmerke.

Kvifor er ikkje garden museum? (Det forstår eg, sidan garden er i privat eige)

Kvifor har ikkje han fått bygning oppkalt etter seg? Foreslår det nye kulturhuset 🙂

Vi har Anders Vassbotn veg då. 🙂

16. Mai 2018 hadde han vore 150 år – berre nemner det 🙂

Min barneheim under grøne lia

der glad eg levde den fyrste tida,

du vart den flekken eg mest fekk kjær

om ut eg vanka, du var meg nær.

 

Der barnegråten så lint vart stogga,

og ljost eg drøymde i velse vogga,

der mor sitt kvæde fyrst song seg inn

og tok med sæle mitt barnesinn.

 

Og når det skymest mot kveld i stova,

og trøytt av leiken eg ville sova,

då tok på fanget meg opp han far,

og inn i eventyrland det bar.

 

Når våren kjem etter kalde vetter,

og bøen grønkar, og lauvet spretter,

då vert du venast for meg å sjå,

Min barneheim med din vårpynt på.

 

Og aldri såg eg på andre stader

så fagre fargar når sola glader,

og staren song kje so mjukt og klårt,

som når han sat oppå mønet vårt.

 

Og elva, som nedme tunet renner

med sirl og sukling, so vel eg kjenner,

og vatnet speglar, når dagen lid,

den grøne skogen og bøen blid.

 

 

 

2 kommentarer til «Gamle skattar og Anders Vassbotn»

Legg igjen en kommentar til Annie Sandvær Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *