«Biggikake»

Eg er so heldig at eg hadde ei mor som var veldig flink til å lage mat og bake kaker. Ho hadde alltid noko godt på lur i frysaren, om ho ikkje hadde nybaka.

Helgakosen for oss var når ho dekka på i stova til «kaffi» laurdag og søndag ettermiddag. Det var lys på bordet, alltid gokaker, av og til var det vaffler eller bollar og kakao 🙂

Det er spesiellt ei kake som står som den mest spennande og spesielle: Biggikaka. Den baka ho ikkje ofte, sikkert til spesielle anledningar eller eit og anna foreiningsmøte 🙂

Den er litt vanskelig å kjevle ut og er litt tidkrevande, so eg kan forstå det. Den blir baka ut og steikt i tre lag, eit med kakao.

Mellom desse laga skal det vere eit tynt lag med tjukk vaniljekrem.

 

 

Dei tre laga leggast also oppå kvarandre, med vanilkrem imellom, kakaodelen skal vere i midten, sjølvsagt 🙂 På toppen skal det vere melisglasur og kakestrø i fine fargar.

Og no kjem den spennande, spesielle delen for oss som var so heldige og vere i nærheita når ho laga denne kaka: Vi fekk ete kantane 🙂 Den måtte skjerast til slik at det vart fine kakesykke før det vart servert. Trur ikkje eg veit noko som er so godt som desse kantane var 🙂

Og like viktig som at kantane var beine, var at kakestykka vart skorne opp i skrå stykker. (ellers smakar den nok ikkje sameleis 🙂 )

Har ein teori om at ALLE som har vore so heldige og ete desse kantane eller smakt denne kaka kan huske det veldig godt 🙂

GOD HELG 🙂

 

1 kommentar til ««Biggikake»»

Legg igjen en kommentar til Ann Kristin Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *