JULEFESTANE

 

Leitestova

Den første julefesten på Lid var  i 1892. Den vart helden i Leitestova og Henrik Kårstad var festtalar. Det var urpremiere på songen «Nu vårt festtre pyntet står», eller «Festtresongen». Teksta er skriven av Andreas Annaniason Lid,(onkelen til Besta) og eg veit ikkje om den fins andre stadar enn på Lid, men der har den vore songen på alle julefestar sidan.

Her er eit opptak frå 2000. Rett nok dårlig opptak, men likevel.:) Det litt artige med julesongane er at alle har «gå rundtjuletreet takt» 🙂

SO gammal er eg ikkje at eg hugsar dette, men eg har eit opptak frå bygderadioen, der far fortel om korsongen og julefestane på Lid, etter notatar av Ivar Eidheim.

Men julefestane frå barneåra kan eg hugse:)

2. juledag var det ungdomsfesten. Den hadde ungdomsforeininga ansvaret for og den var på kvelden. Det var songinnslag, gjerne Mannskvartetten, tale, og matykt i Bedehuskjellaren. Allereie når ein kom inn døra på Bedehuset kunne ein kjenne kaffidufta frå den kjempedigre kjelen nede på kjøkenet. Der nede skramla damene med kjøreld, og det lova godt 🙂 Kaffilukta blanda seg med lukta frå det store juletreet oppe i salen, – då var det fest. Først måtte ein kle av seg alle lag med ytterklede, og finsko hadde vi med i pose. Det nytta ikkje å gå i finsko den longe vegen, i alt slags ver. Treet var so flott pynta. Det hadde kuler vi kunne spegle oss i, og spir på toppen. Det gjekk gjetord om desse festane, og det kom folk frå Yksnøy, Steinnes, Sørheim, Volda og Ørsta. Songen rundt juletreet var heilt fantastisk . Firstemmig song og tre – fire ringar rundt treet. Vi som fekk oppleve dette er utrulig heldige.

3. juledag var det fest på skulen på Steinnes. Omtrent på same viset der nord. Der hadde dei fyrt opp i den gamle høge omnen, so der var godt og varmt. God mat vart servert i kjellaren. Og det viktigaste var gongen rundt juletreet.

4. juledag var det skuleborna sin tur. Denne festen var litt tidligare, slik at også små born kunne bli med. Folk tok med mat sjølv, men det vart servert kaffi og saft. Det var spennande og sjå kva mor hadde teke med. På denne festen foregjekk matykta i benkeradene. Toppen på benkane på bedehuset gjekk an å brette over slik at det vart som bord.

Konkurranse
Skodespel

Programmet som vi hadde funne, og øvd på skulle framførast. Det var ikkje lite spenning knytta til det, men det gjekk som oftast veldig bra 🙂 Gangen fungerte som garderobe. Der skifta vi kostymer og venta på at det var vår tur på scena igjen. Kulissene hadde vi ofte gjømt bak orgelet. For å kome på og av scena måtte vi gå opp og ned midten, mellom benkerekkene og publikum. Ikkje for å skryte – eller jau faktisk – vi var veldig flinke 🙂 Det var spennande og kjekt. Når program og matykt var unnagjort, vart benkane løfta oppå kvarandre oppetter veggane, og det vart gong rundt treet. 🙂

Gong rundt juletreet

Kan også hugse at vi var på Yksnøya, men ikkje kva dag det var. Berre at det var veldig koselig i den gamle skulestova. Der var det også fyr i omnen, godt lag, og god mat 🙂

Det eg syns er den finaste julesongen, og som eg blir like rørt av kvar gong, er: «Jeg minnes en kirke der hjemme». Et par vers går sånn:

Ved kirken der hjemme nu hviler, så mange som var meg så kjær. Med tårevett øye jeg smiler, ved tanken på dem som er der.

Kor: Kom til den hvitmalte kirke, o kom til Guds fredlyste hus. Enn lyder så titt i mitt øre, klokkeklemtet og granenes sus.

En gang når mitt øye skal briste, og hjertet opphører å slå. Jeg ønsker at også min kiste, en plass der ved kirken skal få.

Desse versa får meg til å tenke på gravplassen i Berkvika og dei som ligg der. Sjølv om det ikkje er ei kirke der, men eit klokketårn. Ettersom åra går vert denne songen endå sterkare. Til fleire er det å tenke på, på fleire gravsted. Ja, litt melankolsk er det vel lov å vere i jula 🙂

Framleis fredelig og god jul og godt nytt år  🙂

 

 

Julefeiring på Nybø

 

Nybø

Ein av dagane før jul fekk eg lov å vere med far opp i skogen og hente juletre. Det var både kjekt og litt skummelt. Ein visste ikkje om det var både nissar og troll ute og fôr på denne tida. Men heldigvis gjekk vi medan det var lyst. Og dessutan – kven kunne vere redd når pappa var der 🙂 Treet måtte stå i kjellaren nokre dagar før vi kunne ta det inn i stova og pynte det på lisjejulafta.

Det brukte å kome ei stor kasse frå Stave, med forskjellige julegodterier oppi. Nete (nøtter), dadlar, fiken, sjokolade, appelsin og druer, osv. Eg har heilt til no, lurt på korleis den kassa kom dit. Såg aldri at den kom. Den berre sto der plutselig 🙂 Okei, nyskjerrigheita vart for stor, eg måtte spøre mor her eine dagen 🙂 Ho sa den kom med skyssbåten. Vart ekspedert. Olemann på Bøen dreiv post og ekspedisjon og reiste ut og henta varer på båten når den kom. Aha, so var det ikkje slett so mystisk likevel. 🙂

Besta på loftet brukte å kjøpe ei heil kasse brus. Brus fekk vi berre til jul og på 17.mai, og i eit og anna selskap, so det var stas.

Vi var so utrulig heldige at vi hadde vår eigen «julenisse». Føremiddagen på julafta gjekk stort sett med til å stå i kjøkenvindauga og vente, og sjå om han ikkje kom rundt svingen snart. 🙂 Eg kan ikkje hugse anna frå julafta dagtid enn at vi venta på Jo-Alfred.

svingen frå kjøkenglaset

Og der kom han – med ryggsekk og melkespann. Kva som var i melkespannet er klart, kva som var i sekken hugsar eg ikkje, det var nok gåver. Men spenninga og kor vi gleda oss til han skulle kome, det er nagla i ryggmargen 🙂

Ein ung Alfred

Alfred var onkel til far og budde på og dreiv Jogarden, der farfar var ifrå. Han, broren Jon og søstra Synnøve var ugifte og budde på farsgarden i lag. Kan svakt erindre at vi var der i juleselskap. Dei hadde bestestove (det var monge som hadde, men ikkje vi) Det var skyvedør mellom stovene, og veldig koselig. Tante Synna diska alltid opp med god mat. 🙂

Det som likevel var Aller Største Stasen for lisjesystå på Nybø, var at dei to eldste syskjena kom heim til jul. Dei reiste heimanfrå allereie når dei var 16-17 år,( eg var 4-5). Ut i verda å skaffe seg utdanning og jobb. Paul vart kokk og reiste på sjøen. Kjellrun vart postdame og jobba i Oslo. Dei kom heim berre i høgtider og om sommaren.

Storebror, Storesystå og lisjebror 🙂

Dei var so snilde og so vaksne, og flotte. Eg var so stolt av dei, og skrytte av at dei skulle kome heim, til venninene mine 🙂 Det vanka både sjokolade og gåver når dei kom heim 🙂 Ikkje at eg ikkje er glad i, og set pris på dei andre, men den dag i dag syns eg det er ekstra stas når Paul og Kjellrun kjem heim. 🙂

JULAFTA

Då var endelig tida alle hadde gleda seg til koma. Klokka 17.00 var den store middagen. Det var minst 10 ved bordet, 7 born, mor, far og Besta. Det hende også at dei tre ugifte søskena til Besta var der. Anna, Berta og Johan. Korleis alle har fått plass forstår eg ikkje, men sånn var det. Vi var sjølvsagt litt mindre då 🙂 Pappa las juleevangeliet, vi song for maten, og so var vi i gong. Først julesuppe med rosiner (melkesuppe med semulegryn) So var det fåreribbe, pølse, mør, rødkål, rabbestappe og potet. Til dessert var det riskrem med raud saus. Måltidet varte og rakk. vi syntest vel det varte altfor lenge vi som venta på pakkane, men enno var det lenge til pakkeopning 🙂 Først måtte det ryddast og vaskast opp. Møblar måtte stablast vekk og treet skulle stå midt på golvet. No kunne vi endelig hente pakkane og legge dei på plass under treet. Då var det tid for gong rundt juletreet. Vi var so monge at det vart en stor ring. Besta sat på ein stol og trampa takta og song. Den eine etter den andre julesongen. Ho la gjerne på ei andrestemme. Og vi gjekk, og gjekk, og gjekk. 🙂

Til slutt var det tid for å opne pakkane. Det vart seint på julafta på Nybø..vi var trøtte og slitne etter ein lang dag. Og 1.juledag var det opp i gryottå for å kome oss til julotte i Volda. 🙂

GOD JUL 🙂 ? ? ?

Juleførebuing på Nybø

NYBØ

Førjulstida var sjølvsagt ei hektisk  tid på Nybø, spesiellt for mor. Førebuinga starta tidleg. Det skulle både ordnast julemat, bakast og vaskast. Nye kle skulle strikkast og syast. Det var ikkje berre å gå på butikken og kjøpe. Det vart sydd om, og nytt. Mor kjøpte stoff ho sydde kle av i ein liten butikk i Smitsgate (tausakjæringsgata). Syntest det var kjekt å bli med dit. Der var stoffrullar i alle slags flotte fargar og mønster, og det var imponerande når dama slengde rullen på disken og målte opp 🙂 Når mor sydde klede var stova full av oppklipte stoff, mønster og ferdige saker. Det såg ut som eit bombenedslag, men ho hadde full kontroll. Trylla fram dei finaste saker. 🙂 Det hende meir enn ein gong at eg måtte under sofaen og hente tråsneller, so eg kjende meg igjen i Prøysensongen, som pappa song, om lillebror: Det kan bare lillebror,og bare, bare han. Det er det bare lillebror, og bare han som kan. 🙂

Buret på garasjeveggen, sommarstid.

Dei brukte å kjøpe eit heilt slakt som mor og far gjekk laus på med kniv,sag og øks. Det skulle mykje mat til, til 7 born, mor og far og Besta på loftet. Lår og ribbesider vart hengde opp i eit bur som pappa laga spesiellt til det bruk, det hong på garasjeveggen. Eg kunne ikkje forstå vitsen med å henge det i bur, som om det kunne stikke av liksom. Men vart tålmodig forklart at det var for at fluger, fugl , katt og anna ikkje skulle kome til, sjølvsagt. 🙂

På veg heim frå skulen lukta det godt julebakst frå alle heimar. Ein kunne kjenne dirringa frå kav og slit for å kome i mål til jul 🙂

                   

Besta på loftet brukte å lage rosettbakkels, risbollar, og delfiakake. Ho steikte også goro. Til goro og krumkaker hadde dei jarn som dei la på komfyrplata, og snudde slik at det vart steikt på begge sider.

Mor laga smultringar, sjakkruter, sandkaker, krumkaker, potetmjølstoppar, julebrød og mykje anna godt. Og sjølvsagt julemenn 🙂 Lefser og flatbrød baka dei i lag.

Maling av julemenn.

Kan spesiellt hugse at eg fekk hjelpe til med messingpuss. Det har eg aldri likt, so det var ein av dei kjedelige tinga 🙂

Vi brukte å reise til Ørsta på julehandel. Det var so fint pynta i alle butikkvindauge og Vikegata var flott. Kan hugse ein stor nisse i eit vindauge, er usikker på kvar det var, men trur det var hos Fotograf Lystad. Det store juletreet sto på torget eller bussholdeplassen, der det no er parkeringsplass. Der Europris er no var Samvirkelaget. For meg, på den tida, var dette ein kjempediger butikk. I første etg. var det daglegvarer, og i andre etg. var steintøy og kjøkenutstyr. Det vart nok ei pause for oppvarming på Gjestestova også. Ein liten koselig kafè i 2.etg. på Landhandelen. So reiste vi heim med Steinnesbussen 🙂

 

Det var alltid snøv og julestemning 🙂

 

Volda Kyrkje

Voldskyrkja eller Sunnmørskatedralen

(opplysningane og bilda er henta frå internettet)

Volda/Halkjelsvik har vore kyrkjestad allereie frå 1200 talet. På 1400 talet stod det ei stavkyrkje. Den var påbygd fleire gongar, men vart framleis for lita. Den vart nedreven i 1858 og det vart bygd ei krosskyrkje i tre. Dette var ei av dei største kyrkjene i landet, det var plass til nesten 1000 mennesker. Denne kyrkja brann ned natt til 7.april 1929. Ingenting av det svært gamle inventaret sto til å redde.

Det vart vedteke å bygge opp ny kyrkje i stein. Ho er teikna av arkitekt Arnstein Arneberg. Koret er pryda av ei freskomåling av Hugo Mohr. Spesiell p.g.a. at Kristusfiguren har nordisk utsjånad. Kjyrka hadde oprinnelig mellom 800 og 900 sitteplassar, men det har vore nokre endingar i seinare tid, so der er ikkje slett so monge no.

I 1979 vart kyrkja utsett for lynnedsalg og ein (heldigvis)mindre brann. Den måtte pussast opp og rensast innvendig.

Klokka veg 1100 kg, og er levert av Olsen Nauen klokkestøperi i Tønsberg. Og var klar til bruk ved opninga i 1932. Klokka fekk namnet «Fred».

Farfar og sikkert monge andre voldingar var med på å bygge dette fantastiske bygget.

Ei vakker ramme rundt barnedåp, konfirmasjon, bryllupp, begravelse, og anna.

Eg er ikkje den ivrigaste kyrkjegjengaren, men det er fint å vere der. Der er ei ro, fred, stillheit som er god og kjenne på. Det er fint å sitte og sjå på maleria og høyre orgelmusikken. No er eg heldig som stort sett har sote i lag med ein far som kunne alle songane og song som ei klippe 🙂

Vi har ikkje brukt å gå på gudstjeneste på julafta. Sikkert av praktiske årsaker. 🙂 Men eg hugsar dei flotte julottene frå barndomen, grytidlig om morgonen 1. juledag. Då gjekk det buss frå Berkneset. Å stige ut av bussen til trompetmusikk frå tårnet… og kome inn i kyrkja til denne stillheita og freda… Ikkje mindre enn heilt fantastisk.

Eg er glad i kyrkja vår og vi kan vere stolte av det staselige bygget 🙂

PS: Om måsane på taket vender nedover blir det fint ver, vender dei oppover blir det dårlig 🙂

Førjulstid på Lid skule :)

Før jul var det mykje aktivitet på Lid skule. Skulen var delt i småskule (1.2.og 3.klasse) og storskule (4.5.og 6.klasse). Bl.a. laga vi Juleavis kvart år. Det var mykje arbeid. Vi intervjua,- gjerne eldre, folk i bygda, laga kryssord, skreiv gåter, og andre innlegg. Alt dette måtte kladdast og førast over på stensilpapir. Desse måtte vi stensilere i det antal vi ville ha. Kan enno kjenne lukta av «stensilsprit» 🙂

Først hadde vi stesileringsmaskin med sveiv, men etterkvart fekk vi ei elektrisk som var litt raskare 🙂 Vi lagde nok aviser til at alle husstandane i bygda fekk kvar si.

Vi laga julelenker, julekorger og stjerner til å pynte med, og klipte ut i silkepapir og limte i vindauga. Og sjølvsagt julegåver 🙂

Ellers var det mykje arbeid å arrangere julefest. Der hadde vi innslag av blokkfløyte, skodespel, sketsjar, song, og anna vi måtte finne på. På denne måten lærte vi også julesongane.  Vi laga flotte plakatar og hengde opp rundt i bygda. Der sto det bl.anna:» Ta med mat og kopp» og folk tok med mat til seg og sine. 🙂 og «Gong rundt juletreet»,som var ein viktig del av julefestane.

Dette var den tida heile bygdefolket gjekk på julefest, og skuleelevane hadde ansvaret for programmet 4.juledag. 2.juledag var det ungdomsforeininga, og 3.juledag var vi gjerne på Steinnes.

Fint å tenke tilbake på denne tida. 🙂 Tenk alt vi lærte!