Dagstur til Blakstad Gard

Blakstad Gard

Blakstad Gard ligg på Ikornnes i Sykkylven.

På Blakstad Gard har det bodd folk i over 1000 år. Det er spor etter vikingar i fjøra. Og det er veldig lett å forstå at dei ville slå seg ned på denne perla av ein stad. Nydelig utsikt til alle kantar, og ein fin plass å drive gard.

Garden sto til forfalls til for ca. 3 år sidan, då Berit og Karl Ekornes kjøpte den. Dei har no restaurert hovudhuset, som er frå 1800 talet, og loven, som er ei grindløde frå tidleg på 1900 talet. Det eldste huset, stabburet frå 1700 talet står for tur, det same gjer naustet. Ekteparet har lagt stor vekt på å sette husa i stand nærast mogeleg den opprinnelige stand. Og det er utrulig kor mykje dei har fått til på so kort tid.

Stabburet. Med øksekløyvde bord. Dette er foreløbig berre sikra

Dei har også bygd ei smie i grindlødekonstruksjon. Der har dei besøk av Blakstadsmeden av og til, som kan vise fram smiekunsten, og ein kan sogar få prøve sjølv 🙂

Smia

Dei har forskjellige dyr og fuglar ein kan helse på på garden: Moskusand, gås, kalkun, høner og hanar. Marsvin, kaniner, hund og katt med kattungar. 🙂 Villsau, geit, ullgris, og hest. På hesten Frami kan born få ein fin liten ridetur.

 

Hesten Frami

Ein kan gå inn til dyra, eller dei går blandt folk 🙂

Og sjølvsagt er Gråtass på plass 🙂

Atle mimrar om gamle dagar då han var med å sette poteter på Berkneset 🙂

På loven får ein kjøpt nydelige vaffler og kaffi. Det kan ein sitte ute i hagen og kose seg med, og ta livet heilt med ro.

Loven og i kjellaren på huset har dei inreidd til selskapslokale. På loven er det plass til ca.80, og i kjellaren er det plass til inntil 13 personar.

Selskap i grindløda
Frå kjellaren i huset. Ein kan kjenne historia i veggane
Frå kjellaren i huset

Gardskjøken er under utbygging, der vil dei produsere eigen mat. Også gjesterom er med i planane.

Gardskjøken på gang

For oss er det ekstra kjekt at nettopp denne garden blir stellt so fint i stand, og er besøksgard. Oldemora mi kjem nemlig herifrå. 🙂

Oldemor Petrine

Kvar gong vi har kjaurt forbi har vi sett at forfallet vart meir og meir synleg. Dette har vore veldig trist. For det er ein sånn nydelig plass. Gleda var derfor stor når vi haurde om planane ekteparet Ekornes hadde. Og endå større når vi ser kor fint det blir. Med mykje liv og røre. 🙂

Karl Ekornes og mor (ho passa også faren hans når han var liten 🙂 )

Dei fann tonen desse to 🙂 Mor syntes det var fole kjekt å kome tilbake hit igjen etter alle desse åra, dei likte seg so godt på Blakstad seier ho, og det forstår eg godt. Familien brukte å vere her mykje når ho var ung. Blandt anna i juleselskap. Ho vart veldig gla når ho til og med fekk sjå inni huset, og såg benken dei brukte å sitte på når dei åt mat 🙂 Det vart ei fin oppleving for henne, og ein fin dag 🙂

På gamle tufter

Om andre vil ha ei fin oppleving ein dag, bør ein ta turen til Blakstad 🙂

Vil anbefale å like Blakstad Gard på facebook, der ein blir oppdatert på aktivitetar og utvikling av garden 🙂

Tusen takk til Berit og Karl Ekornes for å stelle so fint til, ta vare på og utvikle denne fantastiske perla. Og takk for at vi fekk kome på besøk, den gode mottakinga, omvisning og innsyn i planane vidare 🙂 Lukke til med alt sammen. 🙂