100 år gammal stil.

Under opprydding fann vi Besta si stilbok frå «Sunnmøre ungdomsskule» i 1916/17. Desse stilane fortel om ei meget reflektert dame på 20 år, det er akkurat 100 år sidan i år. Marta var fødd i 1897. Eg kjende ikkje Besta før ho var koma godt ut på hausten. 🙂 Ho var ei klok, dyktig og respektert dame. Har lyst å dele denne om mennesket og årstidene:

 MENNESKJELIVET OG AARSTIDENE.

Av Marta Lid

Marta Lid

Menneskjelivet er delt i fire bolkar: Barndom, ungdom, manndom, og alderdom. Aarstidene er og delt i fire bolkar: Vaar, sumar, haust, og vinter. Det er mangt i menneskjelivet som kann liknast med ymse ting i aarstidene. Soleis kann me likna barndomen med vaaren. Sjaa naturi kor daud ho ligg um vinteren. Men straks soli vender, byrjar ein aa sjaa dei fyrste livsteikni. Nokre smaa, grøne tunne straa kjem glyttande upp or jordi. Dei veks og spreider seg, og straks hev jordi fenge vaarbunaden paa seg. Me plantar og saar, og me ventar paa aa faa rik grøda naar hausten kjem. Trei stend med halvferdig klædnad, men smaatt um senn hev naturi fenge heile sin prydnad, og ho yrer av liv. 

Slik er det med menneskjelivet og. Sjaa paa det vesle barnet som ligg i vogga kor det utviklar seg. Fyrrstundes var det baade skralt og lite aa sjaa til. Men det trivst og veks, og snart hev det vakse fraa vogga. Snart er det kome so langt at det kann tenkja klaart, og fylgja med kva som vert sagt,  men ein ting kann det ikkje skyna so snart, og det er til aa skilja millom godt og vondt. Kor naudturvelegt det er aa saa berre god saad inn i barnesjæli. Ho er liksom jordi um vaaren, ho tek imot alt som vert bode henne. 

Smaatt um senn utviklast barnet og vert stort og sterkt, og snart hev det kome so langt at det stend paa skilet millom barndom og ungdom. Den overgongen fraa barndom til ungdom gjeng so umerkande fyr seg, at ein veit ikkje av fyrr ein er ungdom.

 

Slik er det med vaaren og. Det spirer, veks og grønskast, og snart stend alt og glimrar i skiftande fargar som tyder paa at det er sumar. Her er yvergongen so fin at han merkast ikkje. Alt er ljost og fagert, og naturi stend i høgtidsskrud. Sumaren vert og delt i to bolkar: fyresumar og ettersumar. Fyrste bolken liknar ein med ungdomen, og den andre med manndomen. Sjaa naturi, til dømes graset og kornet. Det spirer, veks, blømer, ber frukt, og mognast til hausten. Slik med menneskjelivet og. Barnet utviklar seg til ungdom, og ungdomen til manndom. Ungdomstidi er ei draumetid, som set store voner til framtidi. Manndomen hev tyngste byrdene aa bera. Det gjeng framyver paa livsvegen, men ofte med brotne voner. 

Smaatt um senn byrjar det aa gaa attende, og ein lyt flytta over til den fjorde bolken som kallast alderdom. Ein byrjar verta trøytt, kvider seg for aa gjera det som fyrr var til størst hugnad. Haaret graanar, andlitet vert skrukkut, fingrane stive, og ryggen bøygd. Føterne sviktar, og til hjelp maa ein bruka stav. Menneskjelivet hev baade uppgangs og nedgangstid. Naar ein tek til aa eldast mykje, vert det rekna med at ein er barn andre gongen. Berre ein kunne vera so skuldlaus og rein som fyrste gongen.

Det er haust. Naturi hev nedgangstid. Alt som stod i den skiftande, væne sumarsbunaden hev no fengje ein anna daam yver seg. Frukti er mogi og maa sankast. Trei stend no gulspraglute og halvnakni, og kjempar for aa faa halda attende siste bladi sine. Men det lukkast ikkje.

Dei harde, kalde, hjartelause vinterstormane rasar  yver jordi. Dei riv og slit i trei, og fær tilslutt vinning yver dei stakkars arme bladi som trei varde um. 

Naturi hev teke syrgjekaapa paa seg, og stend ferdug til aa taka mot bodet om aa gaa til kvila. Snøen kjem, og sveiper jordi inn i den kvite kaapa si, men liksom han vil segja: «Du skal ikkje ottast, eg vil berre gøyma deg ei tid, og so skal du atter faa staa upp, og nye friske spirar skal skyta or deg»

Jordi gjeng til kvila.

Slik er det og med menneskjelivet. Alderdomen trengjer paa. Ein vert gamall og stusleg, og luter etter gravi. Menneskjet stundar etter kvild. Dauden kjem imot oss, og liksom vetteren segjer han: «Ver ikkje redd, fyr eg vil berre flytta deg yver til ein betre stad.» Dette segjer han til dei lukkelege menneskji. Dei fær gaa til kvila, for atter aa staa upp. So kjem den dagen daa alle skal staa upp, og kvar faa løn etter si gjerning. «Den som hev gjort det gode, til livsuppstoda, men den som hev gjort det vonde, til domsuppstoda.»

 

Menneskjelivet og aarstidene liknar mykje einannan. Det hev den store skilnad at menneskja liver ikkje so reint og heilagt som ho skal, avdi ho syndar. Naturi derimot er reinare og meir heilag, avdi ho er so som Gud skapte henne. 

Lat oss læra av naturi sin reinleik.

Takk for at du var du Besta ❤