17.mai

Det var ikkje vanlig å reise til Volda og gå i tog 17.mai i gamle dagar.

Vi hadde vår eiga feiring på Lid. Vi gjekk i tog. Trur det gjekk frå skulen ut til butikken og innatt på skulen. Vi hadde ikkje korps, men allsong. Den eine etter den andre. Alle dei fine, gamle, kjende: Gud signe vårt dyre fedreland, Fagert er landet, Mellom bakkar og berg, No livnar det i lundar – no lauvast det på Lid 🙂 og sjølsagt Ja, vi elsker dette landet.

Der samlast heile bygda til leikar og samver.  Det vart sikkert løyst nokre verdensproblem også denne dagen.

Vi hadde sekkeløp, potetløp, eggeløp, pilkast, ballkast, og kappløp på stylter. Og dei vaksne var med på leikane.:)

 

Oppe (i andre etg.) på skulen var det konkurranser i luftgeværskyting. Det var stort sett dei same som vann kvart år 🙂

Dette var også første dagen i året vi fekk is. Den tida fekk vi ikkje is anna enn i sommarhalvåret, og den kom til 17.mai. Etter det hadde Sigvart is på butikken til utpå hausten, då var det slutt 🙂

17.mai var også ein av dei få dagane vi fekk brus. Gjerne ei flaske. På den stakk vi hol i toppa, og drakk med sugerør slik at den varte lenge 🙂

Dei vaksne kunne kjøpe kake og kaffi.

Dette var også ein dag då dei som, av ein eller annan grunn var vekk frå bygda, kom heim.

På ettermiddagen var det fest på Bedehuset. Skuleungane sto for programmet. Sketsjar, song, konkurranser, blokkføytespel….

Det var tale for dagen og premieutdeling.

Når festen var slutt, var dagen over og alle gjekk fornøgde heim.

Fine minner 🙂

Vi er heldige som bor i eit fritt og godt land, der vi kan feire nasjonaldagen med barnetog, korpsmusikk og fest.

Hipp hurra for 17.mai og landet vårt.

Hipp hurra for flagget vårt.

Hipp hurra for foreldra våra og forfedrene som har bygd opp landet for oss.

Hipp hurra for samhald, samarbeid, dugnad og hardt arbeid. Lat oss håpe det kan fortsette sånn. At ikkje egoismen tek overhand. Og lat oss håpe det går an å bo på bygdene, der naboane kjenner kvarandre, og folk tek vare på kvarandre.

Hipp hurra for mangfaldet og det gode i folk.

Hipphipphipp hurra hurra hurra for den gode, kloke Kongen vår.

GRATULERER MED DAGEN, HA EIN FIN 17.MAI ! HIPPHIPP HURRAAAAA 🙂