«Kva kan du foreslå for oss å sjå og gjer på i Volda?»

Dette spørsmålet fekk eg ein dag. Godt spørsmål 🙂

Eg har tenkt ein del på det, og funne ut at Volda ligg midt i smørauge som utgangspunkt for svært mykje. I dette innlegget vil eg kome med nokre forslag til kva ein kan finne i Volda sentrum.

Volda sentrum

Dei neste vil bli resten av Volda kommune og dagsturar innover i fjordane og utover i øyane. Monge av opplysningane har eg funne på heimesider og facebooksider. So – finn du nokre av forslaga interessante, kan du finne meir om dei på nettet 🙂

Alle dei flotte fjellturane går eg ikkje inn på, anna enn å anbefale boka «Fotturar på Sunnmøre», eller morotur.no, ut.no og finn.no sine kart. 🙂

Til Volda kan du kome med bil, båt, buss og fly.

Volda turisthotell

Du kan overnatte på Volda turisthotell, Volda hostell, Leiteland camping. Innover mot Austefjord ligg Aurstad camping og på Bjørkedalen finn du Helset hytter og camping. Josybuda på Kalvatn har også overnattingsplassar.

Volda hostell B&B

Midt i Volda sentrum står  Volda kyrkje, eller Sunnmørskatedralen som den også vert kalla. Eit fantastisk flott byggverk. Med det høge tårnet, kan ein sjå den frå alle kantar. Vil ein gå inn og sjå, kan ein ta kontakt med kyrkjekontoret.

Ellers kan ein i Volda vandre mellom koselig trehusbebyggelse, med fleire grøne lunger.
På Oppheimsplassen, mellom kyrkja og rådhuset kan ei sjå «Tellusegget», laga av Astrid Eidset Rygh, og utgangspunktet for «Jordklodeegget» som slapp ut duer under opninga av OL på Lillehammer.

Tellusegget

Ved rådhuset er det ein liten klatrepark.

klatrestativ ved rådhuset.

Går du litt lenger bort finn du minnesmerket etter Wilhelmine og Normann Eng, som samla inn pengar og bygde Pleieheimen, eit sanatorium for tuberkulosesjuke.

Her står også minnesteinen over Arne og Lars Kinsarvik. Kjende kunstnarar som dreiv med treskjæring, rosemaling og teikning. Faren, Lars er den mest kjende og har vore med å utsmykke 13 kyrkjer. Bl.a. Eid kyrkje på Nordfjordeid i si heilheit og altertavla i Dalsfjord Kyrkje. Har frå temmelig sikker kilde at Arne har laga utsmykningane i Volda Kyrkje. Dei laga også møblar i dragestil, til hotell og stover.  Fantastisk flott arbeid.

På rådhuset finn du biblioteket, og på samfunnshuset er kinoen.

Ved fergekaia kan du sjå fine vikingskip som vegvesenet fekk opp då dei laga ny veg. 🙂 Og det er fint å tusle ein tur innover havna, heilt ut på moloen.

Du kan sitte og nyte livet på «Flyndra» (eller Puppane på folkemunnet) 🙂

Vil du nyte ein fredelig, flott spasertur kan du gå Elvadalen, frå sentrum til stadion. Der finn du tavler framover med innformasjon om det du går forbi. Bl.a. Mylnefallet.

Mylnefallet

Andre fine gåturar er opp i Kalsethola, eller opp til gapahukane: Grindalødå på Klepp, Prestesætra og Heltnelihuken. Fine utkikspunt over fjord og fjell, utan å gå opp på fjelltoppane.

Grindalødå på Klepp
Utsyn frå Grindalødå

Ein annan fin tur er rundt Rotevatnet. Der kan du sjå bautaen og heimstaden til Anders Vassbotn, som i tillegg til mykje anna, har skreve songen «Å leva det er og elska».

Ei flott grøn lunge er «Sjukehusparken» med alle sine flotte Rododenron.

Sjukehusparken

Ei anna er «Lærarskuleparken». Der finn du byste av Henrik Kårstad, som grunnla og bygde lærarskulen.

Henrik Kårstad

Og sjølvsag Volda bygdetun og garverimuseum.

Volda bygdetun

Vi har astronomisenteret Kometland på Klepp. Eit av verdas største amatør observatorium. Bygd opp av Knut B. Aarset, som også oppdaga ein komet og fekk den oppkalla etter seg. (Har dessverre ikkje bilder. Sjekk heimesida. Står på lista over komande innlegg) 🙂

Volda elektriske mylne har restaurert og brukar steinkvern, -skalmaskin og valsestol, det meste frå 1930 talet.

Treng du mat, kan eg ramse opp koselige etestadar med god mat og god service:
Volda turisthotell,
Marias,
Det grøne treet,
Georgios kjellar (Gresk),
So es bors,
Landskape (kina),
Volda omsorgsenter,
Westre bakeri,
Geiranger bakeri,
Rokken,
Naustet grill,
Osdals catering,
Pizzabakeren,
to stk. taimatboder.
Tek også med Coop Exstra i Furene, Ivar Åsentunet og Josybuda på Kalvatn.

Det grøne treet, Marias og Naustet grill

Volda har to friluftsområder med badeplass. Munken og Årneset. På Årneset er der også sandvolleyballbane og freesbekorger.

På stadionanlegget finn du fotballbaner, skatepark, trimapparat, og ballbinge er under oppføring.

Ellers har vi: golfbane, tennishall og utebane, klatresilo, kitesurfing, rideklubb.

Av arrangement i Volda kan eg fort berre nemne:
Først og fremst 12 konserten i Volda kyrkje som Arild Andenes får til kvar laurdag kl.12.00
Det grøne treet, So es bors og Volda turisthotell har ofte «levande musikk».
Studentveka,
Animasjonfilmfestival,
Dokfilmfestival,
Kyrkjemusikkveka,
Dei nynorske festspela,
Kammermusikkfestival,
X2 festival,
Bygdepride,
Linderock,
Austefjordhelg (litt utanfor Volda sentrum) og
Røde kors sin årlige loppemarknad.
No til helga skal det til og med vere operaframsyning i Propellhallen. «Kimen» av Magnar Åm.

Jau. Visst har vi å vise fram og vere stolte av 🙂

VELKOMEN TIL VOLDA!