Romjulsminner

ROMJULSMINNER.

 

I gamle dagar skulle ein ikkje gå ut eller på besøk 1.juledag. Då vart ein JuledagsPetter, og det ville ingen vere. Endå veit eg ikkje kva det betyr, men det var ikkje bra 🙂 Denne dagen kunne vere ganske lang for mange.  Særlig når det var fint veir og kanskje også snø.

Eigentlig eit seinare foto

Dette var ein fin dag til brettspel og innekos. Har forstått seinare at det ikkje alltid var like kjekt at eg skulle vere med. Men av og til vart det utøvd stor tolmodigheit frå eldre syskjen 🙂

Ekstra koselig var det når storesøskena var heime og lisjesystå fekk ver i lag med dei litt før dei måtte reise igjen. Det var alltid stas når dei kom. <3

Kjellrun drog gjerne fram gitaren og det vart songstund i stova 🙂

Det var god middag og det vart dekka på stova til kaffi og julekaker.

Ellers knekte vi nete (nøtter) og var vi heldige var det filipine. Då var det to nete i eit skal. Desse må ein dele med nokon, og neste dag er det om og gjer å vere først og sei filipine til den andre. Då vann vi eit kvart eller den som tapte måtte gjere ei tjeneste.

Resten av romjula var det greit og gå på besøk igjen. Det var kjekt å gå på besøk desse dagane, det vanka forskjellige godterier. Det var viktig at besøkande fekk noko, so dei ikkje bar med seg jula ut 🙂 Vi gjekk av og til julebokk, men då stort sett til Bestemorheimane.  Anna, Berta og Johan fekk også besøk i jula, der vanka det alltid godsaker, jul eller ei.  Dei hadde levande lys på juletreet, men tende dei ikkje som eg kan hugse.

I ein heim eg ofte var, ikkje berre i jula, hadde dei eit heilt spesiellt bilde, eller -det var eigentlig ein papirplakat, som var svært fasinerande. Det var nissar som styrte med forskjellige ting. Denne plakaten hong oppe berre i jula sjølvsagt. Kan hugse at eine hjørnet hadde fått ei rift etter kvart, men det gjorde ingenting for bildet var so fint. Det var so fullt av liv og det dukka opp stadig nytt på ein måte. Reine julemagien, kunne sitte og studere det lenge 🙂

Lignande bildeplakat

I eit hus eg måtte passere for å kome til dei med plakaten, var det også noko veldig spesiellt. Ei lyslenke  -med farga lys – og det blinka. Sonen i dette huset var sjømann, og han hadde nok kjøpt den med seg heim frå fjerne strøk.  Denne lenka vart som ei ramme inne i vindauge. Det var veldig flott og vi kunne stå på veien og sjå på dette fasinerande fargespelet.

No til dags er ikkje dette so spesiellt, sidan alle kan få tak i det. Men når eg var lita var det svært uvanlig. Då hadde folk ei stjerne i vindauget og juletre, det var det. Det fantest ikkje julelys i trea ute og lenker i hytt og pine, og slett ikkje i fargar.

Ellers gjekk dagane med til å renne på kjelke, akebrett og ski. Det var kjekt når dei store ungane hadde fri frå skule, og vi kunne leike i lag alle sammen.  Det var forresten alltid fin sol, knakande snøv og kaldt i jula før i tida 🙂

Ein ting eg kom til å tenke på – når det var glatt tok vi tjukkelestar utanpå skorne, so slapp vi å gli. Det ser ein aldri meir, men det var veldig lurt 🙂

Når kvelden kom var det julefest, men dei har eg fortalt om tidlegare.

Med dette ynskjer eg alle framleis god jul og eit godt nytt år.