«Kva kan du foreslå for oss å sjå og gjer på i Volda?»

Dette spørsmålet fekk eg ein dag. Godt spørsmål 🙂

Eg har tenkt ein del på det, og funne ut at Volda ligg midt i smørauge som utgangspunkt for svært mykje. I dette innlegget vil eg kome med nokre forslag til kva ein kan finne i Volda sentrum.

Volda sentrum

Dei neste vil bli resten av Volda kommune og dagsturar innover i fjordane og utover i øyane. Monge av opplysningane har eg funne på heimesider og facebooksider. So – finn du nokre av forslaga interessante, kan du finne meir om dei på nettet 🙂

Alle dei flotte fjellturane går eg ikkje inn på, anna enn å anbefale boka «Fotturar på Sunnmøre», eller morotur.no, ut.no og finn.no sine kart. 🙂

Til Volda kan du kome med bil, båt, buss og fly.

Volda turisthotell

Du kan overnatte på Volda turisthotell, Volda hostell, Leiteland camping. Innover mot Austefjord ligg Aurstad camping og på Bjørkedalen finn du Helset hytter og camping. Josybuda på Kalvatn har også overnattingsplassar.

Volda hostell B&B

Midt i Volda sentrum står  Volda kyrkje, eller Sunnmørskatedralen som den også vert kalla. Eit fantastisk flott byggverk. Med det høge tårnet, kan ein sjå den frå alle kantar. Vil ein gå inn og sjå, kan ein ta kontakt med kyrkjekontoret.

Ellers kan ein i Volda vandre mellom koselig trehusbebyggelse, med fleire grøne lunger.
På Oppheimsplassen, mellom kyrkja og rådhuset kan ei sjå «Tellusegget», laga av Astrid Eidset Rygh, og utgangspunktet for «Jordklodeegget» som slapp ut duer under opninga av OL på Lillehammer.

Tellusegget

Ved rådhuset er det ein liten klatrepark.

klatrestativ ved rådhuset.

Går du litt lenger bort finn du minnesmerket etter Wilhelmine og Normann Eng, som samla inn pengar og bygde Pleieheimen, eit sanatorium for tuberkulosesjuke.

Her står også minnesteinen over Arne og Lars Kinsarvik. Kjende kunstnarar som dreiv med treskjæring, rosemaling og teikning. Faren, Lars er den mest kjende og har vore med å utsmykke 13 kyrkjer. Bl.a. Eid kyrkje på Nordfjordeid i si heilheit og altertavla i Dalsfjord Kyrkje. Har frå temmelig sikker kilde at Arne har laga utsmykningane i Volda Kyrkje. Dei laga også møblar i dragestil, til hotell og stover.  Fantastisk flott arbeid.

På rådhuset finn du biblioteket, og på samfunnshuset er kinoen.

Ved fergekaia kan du sjå fine vikingskip som vegvesenet fekk opp då dei laga ny veg. 🙂 Og det er fint å tusle ein tur innover havna, heilt ut på moloen.

Du kan sitte og nyte livet på «Flyndra» (eller Puppane på folkemunnet) 🙂

Vil du nyte ein fredelig, flott spasertur kan du gå Elvadalen, frå sentrum til stadion. Der finn du tavler framover med innformasjon om det du går forbi. Bl.a. Mylnefallet.

Mylnefallet

Andre fine gåturar er opp i Kalsethola, eller opp til gapahukane: Grindalødå på Klepp, Prestesætra og Heltnelihuken. Fine utkikspunt over fjord og fjell, utan å gå opp på fjelltoppane.

Grindalødå på Klepp
Utsyn frå Grindalødå

Ein annan fin tur er rundt Rotevatnet. Der kan du sjå bautaen og heimstaden til Anders Vassbotn, som i tillegg til mykje anna, har skreve songen «Å leva det er og elska».

Ei flott grøn lunge er «Sjukehusparken» med alle sine flotte Rododenron.

Sjukehusparken

Ei anna er «Lærarskuleparken». Der finn du byste av Henrik Kårstad, som grunnla og bygde lærarskulen.

Henrik Kårstad

Og sjølvsag Volda bygdetun og garverimuseum.

Volda bygdetun

Vi har astronomisenteret Kometland på Klepp. Eit av verdas største amatør observatorium. Bygd opp av Knut B. Aarset, som også oppdaga ein komet og fekk den oppkalla etter seg. (Har dessverre ikkje bilder. Sjekk heimesida. Står på lista over komande innlegg) 🙂

Volda elektriske mylne har restaurert og brukar steinkvern, -skalmaskin og valsestol, det meste frå 1930 talet.

Treng du mat, kan eg ramse opp koselige etestadar med god mat og god service:
Volda turisthotell,
Marias,
Det grøne treet,
Georgios kjellar (Gresk),
So es bors,
Landskape (kina),
Volda omsorgsenter,
Westre bakeri,
Geiranger bakeri,
Rokken,
Naustet grill,
Osdals catering,
Pizzabakeren,
to stk. taimatboder.
Tek også med Coop Exstra i Furene, Ivar Åsentunet og Josybuda på Kalvatn.

Det grøne treet, Marias og Naustet grill

Volda har to friluftsområder med badeplass. Munken og Årneset. På Årneset er der også sandvolleyballbane og freesbekorger.

På stadionanlegget finn du fotballbaner, skatepark, trimapparat, og ballbinge er under oppføring.

Ellers har vi: golfbane, tennishall og utebane, klatresilo, kitesurfing, rideklubb.

Av arrangement i Volda kan eg fort berre nemne:
Først og fremst 12 konserten i Volda kyrkje som Arild Andenes får til kvar laurdag kl.12.00
Det grøne treet, So es bors og Volda turisthotell har ofte «levande musikk».
Studentveka,
Animasjonfilmfestival,
Dokfilmfestival,
Kyrkjemusikkveka,
Dei nynorske festspela,
Kammermusikkfestival,
X2 festival,
Bygdepride,
Linderock,
Austefjordhelg (litt utanfor Volda sentrum) og
Røde kors sin årlige loppemarknad.
No til helga skal det til og med vere operaframsyning i Propellhallen. «Kimen» av Magnar Åm.

Jau. Visst har vi å vise fram og vere stolte av 🙂

VELKOMEN TIL VOLDA!

 

Gamle skattar og Anders Vassbotn

På mi vandring i gamle skattar, kom eg over Programbladet nr.27 frå 1958.

Med Kong Olav på framsida tenkte eg at Besta hadde kjøpt og teke vare på bladet av den grunn. Ho var svært opptatt av kongestoff, både det norske kongehuset og dei europeiske. Det var spennande å opne bladet for å sjå kva slags program dei kunne ha på den tida 🙂 Og rett nok, på andre side:

Først i bladet var det omtalar av utvalde program.  Også ei omtale om korleis Norsk Rikskringkasting tok til. Det var prøvesendingar i 1923. Kringkastingselskapet vart skipa i 1925 og det var høgtideleg opning 29. april. Det var soleis 25 årsjubileum i 1958.

I sjølve programoversikta dukka det faktisk opp ei kjend rekke program som såg omtrent sameleis ut når eg var lita 🙂

Den store forskjela på då og no, er at det også er program frå utlandet. Og at fjernsynsprogrammet mangla fullstendig 🙂

Ikkje so rart sidan ingen hadde fjernsyn enno.:)

det var til og med engelsk kurs 🙂

Den store overaskinga kom på side 6 og 7. Der lyste kjende motiv mot meg, so eg vart reint forbausa. 🙂 Eg trur det datt utav meg: Næmmen ka i alle dage – Volda??? 🙂  Eg hadde ikkje venta at det skulle vere omtale av eit program frå Volda. Det viste seg at denne helga var Volda møtestad for den frilynde ungdomsrørsla som hadde sitt årsmøte.

Programmet og artikkelen er laga av Arne Græsdal.

Artig. Med Ristegarden, der eg var og leverte middag i si tid.  Årflot prenteverk på Egset, no museum. Eit meir moderne Årflot prenteverk i Volda sentrum gir ut avisa «Møre». Det er etterkomarane til Sivert Årflot som framleis eig og driv. Det nye samfunnshuset som no er renovert. Likeeins er Kårstadbygget under renovering og  er ein del av høgskulen.

Det eg vart mest nyskjerrig på var likevel biletet øverst til venstre. «Garden til Anders Vassbotn. Frå avdukinga av minnesteinen».

Anders Vassbotn 16. mai 1868 – 30. aug. 1944

Bonde, diktar og politikar.

Eg måtte finne ut meir om denne mannen. Eg må ha vore vekk frå skulen den dagen vi lærte om han. 🙂 Vel visste eg at han har skreve songen «Å leva det er å elska» som står i salmeboka, og er mykje brukt over heile landet. Også «Mor» og «Min barneheim under grøne lia». Nydelige tekster som går rett i hjarterota på meg. Eg har også visst lenge kvar garden hans ligg, fram i Vassbotnen. Det må vere ein av dei finaste plassane i Volda kommune 🙂

Med god hjelp frå Allkunne og Wikipedia, fann eg mykje meir eg ikkje visste.

Han gav ut fire diktsamlingar og fem skodespel.

Ikkje berre var han ein pioner i den frilynde ungdomsrørsla frå 1894 og sat i styret i fleire år.

Han sat i heradsstyret (kommunestyret) i Volda for Venstre frå 1902 og var ordførar frå 1910 til 1913.

I 1913 kom han inn på stortinget og sat der til 1930. Han var på talarstolen 25 gongar det første året, noko som var uvanleg for ferske stortingspolitikarar. Han arbeidde hardt for kultur, distriktspolitikk og målsaka.  Han var med på å få gjennom målparagrafen i folkeskulelova.

To gonger takka han  nei til å bli kyrkjeminister.

Han sat også i Nobelkomiteen. Først som vara, so som fast medlem frå 1938 -1939. (en plass står det at han var vara frå 1931 til 1942, medlem 1939 og fungerande medlem 1940 til 1943)

Han var ei tid formann i styret for Sunnmøre Museum, og Norges Bank si avdeling i Ålesund.

Må berre oppmode og anbefale å google Anders Vassbotn. Det blir for mykje å skrive her 🙂

Men – fleire spørsmål melder seg:

Kvifor er ikkje denne mannen meir profilert i Volda?

Kvifor har vi ikkje statue av han nedi gatå? Som dei har i Ørsta av Ivar Aasen og Anders Hovden. Kanskje kunne bautasteinen vore flytta til offentleg grunn? Eller i det minste eit minnesmerke.

Kvifor er ikkje garden museum? (Det forstår eg, sidan garden er i privat eige)

Kvifor har ikkje han fått bygning oppkalt etter seg? Foreslår det nye kulturhuset 🙂

Vi har Anders Vassbotn veg då. 🙂

16. Mai 2018 hadde han vore 150 år – berre nemner det 🙂

Min barneheim under grøne lia

der glad eg levde den fyrste tida,

du vart den flekken eg mest fekk kjær

om ut eg vanka, du var meg nær.

 

Der barnegråten så lint vart stogga,

og ljost eg drøymde i velse vogga,

der mor sitt kvæde fyrst song seg inn

og tok med sæle mitt barnesinn.

 

Og når det skymest mot kveld i stova,

og trøytt av leiken eg ville sova,

då tok på fanget meg opp han far,

og inn i eventyrland det bar.

 

Når våren kjem etter kalde vetter,

og bøen grønkar, og lauvet spretter,

då vert du venast for meg å sjå,

Min barneheim med din vårpynt på.

 

Og aldri såg eg på andre stader

så fagre fargar når sola glader,

og staren song kje so mjukt og klårt,

som når han sat oppå mønet vårt.

 

Og elva, som nedme tunet renner

med sirl og sukling, so vel eg kjenner,

og vatnet speglar, når dagen lid,

den grøne skogen og bøen blid.

 

 

 

Årets tur til indre fjordstrok

I går fann me ut at det kunne passe og ta den årlige turen til Valldal og Jordbærstova, og ete verdens beste jordbærkake 🙂

Jordbærstova
Verdens beste jordbærkake

Denne kaka er åleine verdt å ta en tur til Valldal, om so eins ærend 🙂

Og når ein først er fram i dalen der, må ein stoppe på ei av budene og kjøpe med seg dagsferske jordbær. Der me stoppa, sat det to blide jenter, som syns det var kjekt at me kom. I det me var ferdige å handle, kom det en buss og stoppa. Då bleikna dei litt og det kom et par sukk, både av frykt og glede trur eg: OHJ, en heil buss… 🙂 So det passa bra at me kunne fare vidare 🙂

Valldal safteri AS

Når ein først er i Valldal, må ein sjølvsagt innom Valldal Safteri og handle. Heilt sidan 1919 har dei laga saft og sylte av topp kvalitet.

So vart spørsmålet: Skal me fare heim, eller vidare?

Me for vidare 🙂 Tok ferga Linge – Eidsdal. Og når ein gjer det,må ein innom Melchior 🙂

Melchiorgarden

 

Velkomstkomitè på Melchiorgarden

Kjekt å treffe Torunn og Petter, og hefte dei i arbeidet sitt. 🙂 No er det høgsesong med bringebær, i tillegg til alt anna. Dei står på. Fantastisk flinke folk 🙂

Dei lagar virkelig verdens beste bringebærsaft. Nytt på markedet er drikkeklar bringebærsaft og eplesaft. Sjølvsagt måtte me ha med nokre godsaker heim 🙂

Til og med et nydelig kjeskinn 🙂

So gjekk turen vidare til Geiranger.

Ingen store båtar i Geiranger denne dagen

Me var svoltne og ville finne oss litt middag. Ei lita runde først berre. Då var me so heldige at me traff Lene, som snart var ferdig på jobben sin som handler av ribb-båt-turane på Geirangerfjorden. Ho ba oss på kaffi etter middagen 🙂

Naustkroa

Det vart kokemør på Naustkroa. 🙂 Og må sei det er imponerande kor flinke disse unge servitørane er. Når me kom der var det tydelig et vaktskifte på gang. Ein kunne sjå kor slitne dei var, dei som skulle gå av vakt. Likevel var dei meeget effektive. Det kom og gjekk gjestar uavladelig. Ikkje rart at smila hadde stivna litt 🙂 Fin ungdom.

Det er med skam og melde at me gjekk forbi Geiranger sjokolade 🙂

Nettopp vore i London og teke imot ei sølv og to bronse i Internasjonal Chokolate Awards 2017, for sjokoladen sin 🙂

Eit tilbud me ikkje kunne sei nei til:

Kaffi, jordbær og is, på hytta til Lene og Leif 🙂

Tonna, Lene og Molly

Veldig koselig. 🙂 Og kjekt å sjå Geiranger frå en anna vinkel.

Ørnesvingane

Takk for oss 🙂

So barst det strake vegen heim, om Stryn. Me starta ca. 11.30 og var heime 21.30. Ein fullt overkomelig dagstur, som inneheldt monge fine opplevingar. Faktisk innom tre fylker, og seks kommuner. 🙂

Og alle var me einige om at det hadde vore ein fin tur 🙂 🙂

 

 

Dagstur til Blakstad Gard

Blakstad Gard

Blakstad Gard ligg på Ikornnes i Sykkylven.

På Blakstad Gard har det bodd folk i over 1000 år. Det er spor etter vikingar i fjøra. Og det er veldig lett å forstå at dei ville slå seg ned på denne perla av ein stad. Nydelig utsikt til alle kantar, og ein fin plass å drive gard.

Garden sto til forfalls til for ca. 3 år sidan, då Berit og Karl Ekornes kjøpte den. Dei har no restaurert hovudhuset, som er frå 1800 talet, og loven, som er ei grindløde frå tidleg på 1900 talet. Det eldste huset, stabburet frå 1700 talet står for tur, det same gjer naustet. Ekteparet har lagt stor vekt på å sette husa i stand nærast mogeleg den opprinnelige stand. Og det er utrulig kor mykje dei har fått til på so kort tid.

Stabburet. Med øksekløyvde bord. Dette er foreløbig berre sikra

Dei har også bygd ei smie i grindlødekonstruksjon. Der har dei besøk av Blakstadsmeden av og til, som kan vise fram smiekunsten, og ein kan sogar få prøve sjølv 🙂

Smia

Dei har forskjellige dyr og fuglar ein kan helse på på garden: Moskusand, gås, kalkun, høner og hanar. Marsvin, kaniner, hund og katt med kattungar. 🙂 Villsau, geit, ullgris, og hest. På hesten Frami kan born få ein fin liten ridetur.

 

Hesten Frami

Ein kan gå inn til dyra, eller dei går blandt folk 🙂

Og sjølvsagt er Gråtass på plass 🙂

Atle mimrar om gamle dagar då han var med å sette poteter på Berkneset 🙂

På loven får ein kjøpt nydelige vaffler og kaffi. Det kan ein sitte ute i hagen og kose seg med, og ta livet heilt med ro.

Loven og i kjellaren på huset har dei inreidd til selskapslokale. På loven er det plass til ca.80, og i kjellaren er det plass til inntil 13 personar.

Selskap i grindløda
Frå kjellaren i huset. Ein kan kjenne historia i veggane
Frå kjellaren i huset

Gardskjøken er under utbygging, der vil dei produsere eigen mat. Også gjesterom er med i planane.

Gardskjøken på gang

For oss er det ekstra kjekt at nettopp denne garden blir stellt so fint i stand, og er besøksgard. Oldemora mi kjem nemlig herifrå. 🙂

Oldemor Petrine

Kvar gong vi har kjaurt forbi har vi sett at forfallet vart meir og meir synleg. Dette har vore veldig trist. For det er ein sånn nydelig plass. Gleda var derfor stor når vi haurde om planane ekteparet Ekornes hadde. Og endå større når vi ser kor fint det blir. Med mykje liv og røre. 🙂

Karl Ekornes og mor (ho passa også faren hans når han var liten 🙂 )

Dei fann tonen desse to 🙂 Mor syntes det var fole kjekt å kome tilbake hit igjen etter alle desse åra, dei likte seg so godt på Blakstad seier ho, og det forstår eg godt. Familien brukte å vere her mykje når ho var ung. Blandt anna i juleselskap. Ho vart veldig gla når ho til og med fekk sjå inni huset, og såg benken dei brukte å sitte på når dei åt mat 🙂 Det vart ei fin oppleving for henne, og ein fin dag 🙂

På gamle tufter

Om andre vil ha ei fin oppleving ein dag, bør ein ta turen til Blakstad 🙂

Vil anbefale å like Blakstad Gard på facebook, der ein blir oppdatert på aktivitetar og utvikling av garden 🙂

Tusen takk til Berit og Karl Ekornes for å stelle so fint til, ta vare på og utvikle denne fantastiske perla. Og takk for at vi fekk kome på besøk, den gode mottakinga, omvisning og innsyn i planane vidare 🙂 Lukke til med alt sammen. 🙂

 

 

Austefjord museum, Årsetøysamlinga

Årsetøya

I helga var det  Austefjordhelg. Vi tok turen innom og fekk oppleve fin underhaldning frå utescena, kjøpte oss god grillmat av blide damer, og traff mykje folk. Eit flott arrangement austefjordingane får til dette. 🙂

Vi var litt tidlig ute, so vi bestemte oss for å gå på Austefjord museum – Årsetøysamlinga, då vi ikkje har vore der før. Museumet ligg i enden av austefjord skule.

 

Austefjord skule
Austefjod museum

Med forventningar om å få sjå diverse redskap og remediar brørne på Årsetøya fann opp og laga for å klare seg på øya, gjekk vi inn.

Det var der også, men vi vart mektig imponert over at det var SOO mykje anna.

Dei har sote og spikka og laga dei finaste miniatyrane om daglege ting, som flatbrød/lefsebaking, trusking, silde-, sel-, kval-, størjefangst. og mykje anna. Med små folk som styra på 🙂

Sildefangst
Selfangst
Størjefangst

Også ei samling med forskjellige fiskeartar har dei spikka og mala, og festa på plater – som kunne leggast saman som ein koffert. Desse vart brukt i undervisning, som mykje anna av det dei laga.

Vi fann store «permar» med maleri med motiv av sætrar og grender i omegnen.

Rindalsætra

Syntest i grunnen dette var imponerande og intressant nok, men då oppdaga vi at det var eit rom til 🙂

Der inne var samlinga med innsekt og fugleegg. Små innsekt festa i små glasplater slik ein kan studere det i mikroskop. Og ymse saker lagde på sprit. 🙂

Og bak i kråa var samlinga med utstoppa dyr og fuglar.

Brørne på Årsetøya har sannelig vore produktive. 🙂

Oddgeir Bruaset laga i si tid eit program om livet på øya. Det ligg under namnet «Mannen på holmen» på NRK sine arkiv, og også på youtube. Varer i ca 35 min. og er eit fint program, der Knut Årsetøy – då 90 år gammal, sjølv fortel.

Takk til Austefjord Museumslag, som har samla og tek vare på desse flotte tinga, slik at vi kan få ein slik fin opplevelse. 🙂

Eit besøk til Austefjord Museum kan virkelig avbefalast. Dei har også samla ting frå andre stader i Austefjorden.

Museumet har ikkje faste opningstider, men ein kan avtale etter ynskje.

Dei har også heimeside og facebookside. 🙂

 

Volda Kyrkje

Voldskyrkja eller Sunnmørskatedralen

(opplysningane og bilda er henta frå internettet)

Volda/Halkjelsvik har vore kyrkjestad allereie frå 1200 talet. På 1400 talet stod det ei stavkyrkje. Den var påbygd fleire gongar, men vart framleis for lita. Den vart nedreven i 1858 og det vart bygd ei krosskyrkje i tre. Dette var ei av dei største kyrkjene i landet, det var plass til nesten 1000 mennesker. Denne kyrkja brann ned natt til 7.april 1929. Ingenting av det svært gamle inventaret sto til å redde.

Det vart vedteke å bygge opp ny kyrkje i stein. Ho er teikna av arkitekt Arnstein Arneberg. Koret er pryda av ei freskomåling av Hugo Mohr. Spesiell p.g.a. at Kristusfiguren har nordisk utsjånad. Kjyrka hadde oprinnelig mellom 800 og 900 sitteplassar, men det har vore nokre endingar i seinare tid, so der er ikkje slett so monge no.

I 1979 vart kyrkja utsett for lynnedsalg og ein (heldigvis)mindre brann. Den måtte pussast opp og rensast innvendig.

Klokka veg 1100 kg, og er levert av Olsen Nauen klokkestøperi i Tønsberg. Og var klar til bruk ved opninga i 1932. Klokka fekk namnet «Fred».

Farfar og sikkert monge andre voldingar var med på å bygge dette fantastiske bygget.

Ei vakker ramme rundt barnedåp, konfirmasjon, bryllupp, begravelse, og anna.

Eg er ikkje den ivrigaste kyrkjegjengaren, men det er fint å vere der. Der er ei ro, fred, stillheit som er god og kjenne på. Det er fint å sitte og sjå på maleria og høyre orgelmusikken. No er eg heldig som stort sett har sote i lag med ein far som kunne alle songane og song som ei klippe 🙂

Vi har ikkje brukt å gå på gudstjeneste på julafta. Sikkert av praktiske årsaker. 🙂 Men eg hugsar dei flotte julottene frå barndomen, grytidlig om morgonen 1. juledag. Då gjekk det buss frå Berkneset. Å stige ut av bussen til trompetmusikk frå tårnet… og kome inn i kyrkja til denne stillheita og freda… Ikkje mindre enn heilt fantastisk.

Eg er glad i kyrkja vår og vi kan vere stolte av det staselige bygget 🙂

PS: Om måsane på taket vender nedover blir det fint ver, vender dei oppover blir det dårlig 🙂