Kjapp reiserapport Volda – Kiel – Volda

Eg er den første til å tilstå at eg er særs heimekjær og er ikkje veldig flink til å reise på tur. Men enders og ein gongen er det kjekt å sjå noko anna enn Rotsethornet 🙂

Når Kjellrun og Ole var her på besøk i sommar, kom det på snakk å reise ein tur med Kielferga. Som sagt, so gjort. Me bestemte ei veke, og Kjellrun ordna billettar. Det var longt opp og fram, men bess i senn var veka koma.

Tonna kom på den glupe ideen at me reiser til Hamar og besøker Tonje, Sunniva og Erling og tek toget derifrå til Oslo S. På den måten fekk me sjå dei også. Det var veldig koselig. 🙂

Bilturen mandag gjekk ganske radig. Var glad det ikkje var eg som kjaurde, for i den eine av dei mørke, smale Strynefjellstunellane møtte me Hugos Tivoli på veg til Strynemessa. Minst 10 store trailerar, som må ligge midt i vegbana for å få plass. Offa. Då var det godt med stødig sjåfør 🙂

Hos Pillarguri kafè på Otta kvalitetssikra me elgkarbonader med soppsaus. Aldeles nydelig, – men tok litt tid 🙂

Erling hadde venta sånn på oss at han ikkje hadde tid til verken å ete middag, eller leike etter barnehagen. Han ville berre sjå i vindauga om me kom snart. Tida vert veldig long for sånne små, når ein ventar og gler seg til noko. Når me endelig kom, fekk me sjå litt på leikene hans. Morfar fekk lage kveldsmat og Besta fekk hjelpe til med kle og bad. Han viste også at dei hadde laga seng til oss. 🙂

Tonna sjekka veirmeldingane for dei neste dagane, og dei viste storm mellom Oslo og Kiel. Me ville ikkje tru på det, men det var nok til å sette fantasien i gong, og Tonje laga nokre ganske bra bilder i haudet mitt etterkvart 🙂

Me møtte Knarbakk`s på Oslo S og tok buss til kaia der Color Fantasy låg og venta på oss 🙂

Avgang kl.14.00. Me fekk innstallert oss på lugaren og var klar til å utforske båten 🙂

Kjellrun og eg måtte sjølvsagt utforske litt butikkane,

so det var fint at der var «manneparkering» 🙂

Det var tidlig ettermiddag, so en tur opp i skybaren og sjå på utsikta var på sin plass.

Tøff i trynet, men venta på storm 🙂

Medan vi sat der, bles det opp. Meir og meir. Her oppe kunne me sjå bårene kome, so me var litt forbereidde på bevegelsane. Me hadde lyst å sjå showet kl. 19.00, og ville kle oss om før den tid. Då me kom lenger ned i båten rulla det ganske bra, og me hadde ikkje same oversikta som me hadde øverst i båten. Det var fleire som måtte ta ektsra steg til sides 🙂 Den store lysekruna svinga bra, frå side til side.

Når me var klare for show, var det heilt fullt. Me måtte stå og halde oss fast i gelenderet. I heile salen sat folk og holdt fast på posane sine….  sceneteppe svaia att og fram, og enden på den visa var at showet vart avlyst p.g.a. vèret.

Då var det berre å finne seg en plass og sette seg ned og vente på middag. Me hadde reservert bord på Grand Buffet, og såg fram til utfordringa med å bere tallerknar mellom buffeten og bordet 🙂

Han som skulle vise oss til bordet syntest visst det var fole artig 🙂 Han forsvann i full fart, som en røyskatt gjennom restauranten, og me kom sjanglande etter 🙂

Det gjekk veldig bra. 🙂 Det vart både mat og drikke. Sjølv om matlysta ikkje var heilt på topp.

Det var godt å legge seg etter alle uvante bevegelsar, og vèret roa seg heldigvis etterkvart 🙂

På lugaren gjekk det an å fylgje reisa minutt for minutt også på tv.

I Kiel var det litt kaldt og regn -so det vart først kjøpesenter, der Kjellrun fekk seg ny koffert. Litt tidleg bursdagsgåve 🙂

Ettepå fann me ei fin gammal kirke «Sankt Nikolai». En fredelig liten plett i en ellers travel by. Det var ei sånn kirke det var godt å kome inn i.

 

Det vart ei passande anledning til å tenne lys. Eg tende to:

Eit for vårt kjære søskenbarn Gudbjørn Kvenseth, som kjempar for livet sitt med regional cellegiftbehandling nettopp i Tyskland. Denne behandlinga har hatt god effekt for monge, men er veldig dyr (200.000 pr.beh.) og blir ikkje dekka av staten. Om nokon vil hjelpe er kontonr. 9801 55 42519. Det er også ei gruppe på facebook: «Gudbjørn sin kamp om livet». Me har Gudbjørn og familien i tankane, og håper og trur at dette går bra.

Det andre lyset tende eg for alle dei andre som slit med noko. Det kan vere so mykje. Foreståande operasjonar, sjukdom, einsomheit, eksamen, osb.osb.osb. Alle har sitt og stri med.

Vel. Tilbake til turen 🙂

Me måtte kome oss ombord i båten igjen, so me ikkje vart akterutseilt 🙂

Ombord igjen i båten vart det litt lunch, taxfree og avslapping før middag.

Denne kvelden hadde me reservert bord heilt bak i båten, på Oceanic à la Carte.

Fantastisk god mat og flott service. Virkelig luksus. Stille og rolig. Servitøren kunne til og med berolige oss med at det ville ikkje bli storm igjen før etter kl.21 🙂

Mette og go, kunne me prøve oss på showet igjen 🙂

Det var eit flott show, med musikk av både Michael Jackson, Abba og mykje anna. Laserlys og styr 🙂

Ettersom showet gjekk sin gong drønna det meir og meir i båten, og det byrja å gjynge igjen. Men ikkje so gale denne kvelden som kvelden før – heldigvis 🙂

Det vart ei lita pubtrubadur-butikkrunde til slutt før det vart å finne senga. Fint å få legge frå seg kroppen, og sleppe den ufrivillige sjanglinga 🙂

Tilbake på Oslo S var me alle samde om at det hadde vore ein fin tur 🙂

Kjellrun og Ole reiste til Trondheim og me reiste tilbake til Hamar.

På Hamar var me so heldige at Tonje kunne møte oss på stasjonen, slik at me fann rette bussen heim til dei 🙂

Me fekk vere med og hente Erling i barnehagen, og det var kjekt å leike litt med han. Morfar er veldig flink å bygge togbane f.eks. 🙂

Fekk løyve av mamma og mammo til å kjøpe kinderegg til laurdagsgodt, då passa det bra at denne karen sto på taxfree og venta på oss 🙂

Fredag måtte me tenke på heimvegen igjen. Det var fint å sjå den vesle familien på Hamar.

Kunne ikkje dy meg for et par snappar på heimvegen 🙂

På Strynefjellet vart me minte på kva slags årstid som nærmar seg.

Sånn er det berre. 🙂

Takk for turen, Kjellrun, Ole og Tonna 🙂

Takk for kost og losji, Tonje, Sunniva, Erling og Zelda 🙂

 

 

1 kommentar til «Kjapp reiserapport Volda – Kiel – Volda»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *