Jonsokfeiring.

Midtsommar. Den lysaste natta. (at sola snur snakkar eg ikkje om).

Den aller finaste tida. Lauv på trea og alle flotte blomster slår ut i full bløming,  – Hegg, Syrin, Jyvel. Den fysrste slåtten er i gong, det blir so ryddig og fint, og luktar so godt.  Og me går rundt med forventningar om ein fin sommar. (til longt ut i oktober) 🙂

Jonsokafta,-til minne om Johannes døyparen, derav jonsok.

Det er også denne natta heksene samlar urter til brygga sine, då virkningane er på sitt beste og mest effektive. So flyg dei på sopelimane sine og samlast til ting på Blokksberg. Derfor brenn me brising – for å halde dei unna folk og dyr 🙂

Når eg var lita (ung), vart jonsokafta feira på Notaplassen i Berkvika, der heile bygda kunne vere med å feire og tenne jonsokbrising. Det var ungdomsforeininga som arrangerte. Dei større ungdomane hadde laga kjempedigert bål, av alt dei kunne finne. Og var det nokon som hadde noko brennbart dei skulle bli av med, var det berre å ha det på jonsokbålet.

Det vart også laga nokre mindre bål, der me kunne spidde pølser. Det gjekk litt utover skogen i nærleiken, når alle skulle ha pinnar til pølsespiddinga 🙂 Trur ikkje grillen var oppfunnen endå 🙂

Meinar me hadde med oss pølser og anna niste kvar for oss, og at det vart selt brus. Kan ikkje huske heilt sikkert, kanskje vart det selt pølser også 🙂

Me gjekk i fantetog/lurvetog frå skuleplassen. Med flotte bruder og brudgomar, hekser, troll, og prinsesser 🙂

Før det store bålet vart tent, var det litt program av ymse slag. Ikkje so mykje på jonsokafta, då var det meir leikar: Slå på ring, Tikken, Kari og Knut, siste par ut. osb 🙂

Slå på ring

Det eg huskar best var den gongen LisjeJohan spelte fele og OlaKnut spelte på sag. Det var meeeget spesiellt, og veldig flott. Lyden OlaKnut fekk på saga var heilt utrulig. Ikkje minst fordi eg ikkje visste at han kunne det 🙂

Høgdepuntet var sjølvsagt når bålet vart tent.

Me leika til me vart leide, eller fraus – eller til det rett og slett vart seint og leggetid 🙂

Jonsokbål

Veit at i tidlegare tider var det jonsokfeiring på Legene, men det kan eg ikkje huske. Var nok før mi tid, men har høyrt at dei som er litt eldre enn meg huskar det. Og eg fann eit par bilder i pappa sine album. 🙂

Flotte damer på jonsokfeiring på Legene.:)

Det vart sagt at dersom ein plukkar sju forskjellige markblomster, og legg dei under haudeputa denne natta, vil ein drøyme om den ein skal gifte seg med. Prøvde fleire gongar, men huska aldri draumane 🙂

Kanskje prøvde eg for ofte, sidan eg er gift to gongar 🙂

Med dette vil eg ynskje alle ei fin jonsokfeiring. 🙂

Pass opp for hekser 🙂

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *