Friminutt/ Gym – vinter

Lid skule

På Lid skule hadde vi ikkje gymsal. Vi hadde oftast gymtimane ute. Eg trur lærarane var flinke til å slå sammen timar, og forandre på timeplanen litt etter veiret. Iallfall hadde vi longe friminutt/gym når det var bra veir, og heller lengre timar når det var dårlig veir. Var det snø, fekk vi renne oss i Jobakken. På ski og akebrett, ofte på plastposar og krysfinèrplater. Fekk sånn fart at me fór over vegen med et hopp og longt ned på den andre marka ?

Då hende det at me «ikkje haurde» at Johan banka på glaset med ringen sin, – det var tegnet på at friminuttet var slutt, me hadde ikkje klokke som ringde inn og ut. 🙂 Men når han kom ut på skuletrappa: – yoho,no må dokke kome- då måtte me berre pittle oss inn igjen.

På skuleplassen laga me labyrintar i snø. Eller snøborger og hadde snøballkrig. Bygde snøhytter, og laga snømenn. Me ofra både hue og sjerf til dei. 🙂

Det var ingen som bestemte kva me skulle styre med. Me fann på sjølve. Var i lag og samarbeidde. Kanskje kan eg ikkje hugse det, eller opplevde mobbing på kroppen sjølv, – men eg trur ikkje det var mykje av det. Me erta og plaga kvarandre og rauk ihop sjølvsagt, men stort sett gjekk det fint. Store og små leika i lag. Og lærarane fylgde nok meir med enn me trudde. 🙂

Hadde me gym inne, var det bøy og tøy. 🙂

Var det skikkelig dårlig veir fekk me vere inne i friminutta, men det var ikkje ofte, og då gjerne i samband med gruppearbeid eller juleførebuing, e.l. Dessutan gjorde det godt å få lufta klasseromma ei stund, so me måtte oftast ut ?

Polvottar

Me brukte å ha skidag på Eidheim. ⛷ Ein gong, -me hadde Liv Lid Sunde til lærar/ vikar, eg hadde akebrett og ikkje ski på den dagen. Vart skikkelig våt, kald og sikkert sur også 🙂 Trur eg fekk fare heim før dei andre. Liv laga diplomar til oss. På diplomen eg fekk sto det:

«For våtast og kaldast på føtene».

Den var fin 🙂

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *