Fluorskylling, Tannlege og Helsesøster

Det hende seg at me fekk beskjed om å ta med tannkost på skulen. Då visste me kva det betydde. Fluorskylling. Då kom Pe-Jonna med doseringsflaskå si. Etter mat måtte alle pusse tennene, stille i kø og få støyten sin med fluor, og skylle. Typisk då var vel at noken måtte begynne å flire. 🙂 Det var ikkje fluor i tannkrem, og ikkje fluortablettar, so dette var ein måte å bevare tenner på. Det var vel ingen som akkurat likte dette, men me var flinke til å lyde. 🙂

Når me skulle til tannlegen, måtte me til Volda. Då gjekk heile dagen. Me måtte reise med bussen om morgonen og vente til den gjekk utatt kl. 14.10. Det vart nokre timar på kafè Viking og Teria desse dagane, men ofte hadde heldigvis mor nokre ærend, som å kjøpe tråd og stoff til nye klede. Det var aldri kjekt, verken å gå til tannlegen eller å vente på bussen. Det einaste som var litt spennande var at tannlegen hadde kontor på ungdomsskulen, der dei store ungdomane gjekk 🙂 Seinare, når eg gjekk på ungdomsskulen, banka det berre på døra: Då kan Gunhild Lid kome til tannlegen. Ikkje veldig mykje bedre, men ein slapp iallfall at det gjekk heile dagen. På den tida hadde vel tannlegen flytta kontoret til Øyra barneskule.

Tannlege Leikanger var frykta. Men Kjellaug var snill og koselig 🙂 Ein kan nok sei mykje om tannlege Leikanger, konsentrerte auge, munnbind, og om gummifingrane f.eks.  Men – eg nemnde henne ein gong for tannlege Anne Mari Breivik. Ho kunne fortelle at etter raportar frå den tida, hadde Volda Kommune ein av dei beste tannhelsene i landet. Det er ikkje verst. Ho var tydeligvis dyktig. 🙂 Heldigvis har det vore utvikling både i utstyr og metoder.

Illustrasjonsfoto

Når me såg den raude folkevogna kome inni Plantene, betydde det: Helsesøster på veg! Då vart det måling av høgde og vekt, det var greit. Men også Pirquet. Det var for å sjekke om me hadde tuberkolose. To strek på handa med ein pennesplitt, og ei væske ned på. Hovna det opp etter eit par dagar var det positivt. No las eg at det er slutt både på pirquet og bcg sprøyte. Synd at ikkje ungane no til dags får oppleve dette heller 🙂 🙂

Pirquetprøve

Ho sette vel også nokre vaksiner, men det hugsar eg ikkje. Må ha fortrengt det. 🙂

Me måtte inn ein og ein, og det verste var vel å stå i kø og vente på tur. Kaldsvette og bleike  🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *