Bittelitt om lærarane mine på Lid Skule :)

Randi Ose:

I første klasse hadde eg ei flott ung dame som heitte Randi Ose, frå Ørsta. Gutane likte henne veldig godt 🙂 Ho var veldig snill og lærte oss å lese og skrive. Ho hadde laga bokstavane på ark, med forskjellige figurar som byrja på den bokstaven, ei ape på A, f.eks. Desse arka fekk me i lekse og skulle lage bokstavane over heile arket. 🙂 Ho var ofte i lag med oss i friminutta også.

Ho budde på hybel på loftet hos Signe. Ein gong eg var sjuk, kom ho på besøk og lurte på korleis eg hadde det. Det var fint gjort, og var god trøst. 🙂

Traff henne igjen etter ca 25 år på Viking Fjord Hotell ein gong. Det vart ein trivelig mimrekveld 🙂

Grethe Eichinger:

Grete Eichinger

Litt usikker på når ho kom, om det var i andre klasse. Veldig snill og koselig dame. Ho lærte oss bl.a. fleire folkeviseleikar, ringleik, og å danse polka, reinlender og vals. Har hatt mykje glede av å kunne desse dansane. 🙂

Me var også i Volda og besøkte henne i leiligheita si, og fekk bollar og saft.

Mari Åsen:

Mari Aasen

Ei utrulig flott dame. Veldig snill og flink. Eit flott forbilde. Alltid klar til å svare når me lurte på noko, ingen spørsmål var domme. Ho snakka med oss – og behandla oss med respekt, som folk -og ikkje «unga».

Ho lærte oss mykje, bl.a. i handarbeid. Batikk, korgfletting, makramè, og me sydde oss forkle og omslagssjørt. Ho hadde ofte med ting ho hadde laga sjølv og viste oss korleis me skulle gjer det.

Ein gong fekk storskulen vere med på overnattingstur til den fine hytta hennar i Rotevatsdalen, og var på Rotevatssætra på ski. Det var ein skikkelig kjekk tur. 🙂

Hytta til Mari

Johann Wangen:

Var ein kjernekar. Rolig og tålmodig, og med lun humor. Det var han som var ringeklokka vår når friminuttet var slutt, då kakka han på glaset med ringen sin. ?

Han var veldig flink til å lære frå seg ting, og han ville me skulle gjer skikkelig arbeid. Kan hugse me hadde formskrift. Det var ei linje med tekst, og ei bård. Me brukte fyllepenn og trekkpapir. Eg kladda og kladda og kladda, før det var bra nok og eg fekk føre inn i innføringsboka. 🙂

Han hadde også ansvar for lærarskulestudentar, som me hadde eit par gongar i året. Då vart det gjerne eit gruppearbeid om eit tema. Det var kjekt å ha studentar. Då fekk me mykje oppmerksomheit, dei var gjerne 4 stk i gongen. Hugsar spesielt ein gong me hadde om vikingane. Om Odin og Tor og dei andre norønne gudane, og livet ellers i vikingtida. Me laga kostymer, skjold og anna styr og hadde rollespel. Det var særs intressant. 🙂 Ein annan gong hadde me om skog og natur. Studentane laga rebusløp oppi skogen, om tre, plantar og dyr ein kan finne der.

Ove Lid:

Ove Lid

Var rektor. Han var den som måtte skjenne om det var noke. 🙂 Men han var veldig kompis ellers, og tulla og tøysa med oss. 🙂 Han kunne gjerne vere med i ballspel og leik på skuleplassen, både i gym og i friminutt.

Han lærte oss notar, og å spele både blokkfløyte og andre ting, og han var flink til å synge. Det var nok han som hjalp oss mest med program til julefestane og 17. mai og slikt.

Ove er dessuten fadderen min 🙂 Eg vil sjå den som har lært fadderbarna sine so monge salmevers som han har gjort 🙂

Eg er utrulig priveligert, og veldig glad og takksam for å ha hatt so gode lærarar i alle skuleåra på Lid. 🙂

PS: I disse innlegga har eg blanda nynorsk, dialekt og snakkeform. Det er ikkje disse lærarane sin feil. Eg kan viss eg vil 🙂 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *