Besta på loftet – Marta

 

 

Marta Albertine Kristine Lid. Også kalt Leite-Marta, eller losje-Marta

Me var so utrulig heldige å ha Besta på loftet. Det var monge som hadde eldre folk, enten på loftet eller i andre delar av huset. Som loddselgar i monge sammenhengar var eg so heldig å få stikke innfor dørene til desse. Alltid veldig koselig, men det får det bli meir om i eit seinare innlegg. 🙂

Besta ned på haugen

Besta på loftet var ei gromme dame. Ho var distriktsleiar for IOGT, og var mykje ute og reiste. Dei to romma ho hadde på loftet var fulle av souvenirar frå heile kysten, frå Bergen til Lofoten. Det var spennande å høyre om alle plassane ho hadde vore, og å sjå på disse små minnetinga. Ho hadde også ein koffert med organdelar (i plast) plassert på rett plass i ein menneskekropp. Denne hadde ho med på reisene, og sikkert fortalde om skadene alkohol gjer på diverse delar. Av og til fekk eg sjå på innhaldet i kofferten. Det var spennande. Ein kunne plukke ut hjarte, lunge, nyrer, osb. og sette dei på plass igjen.

Ho var veldig glad i blomster, var mykje ute og ordna i hagen, og hadde ei stor samling forskjellige kaktus. Nokre mata me med sukkerbitar.:) Det var om og gjer å gå opp til Besta når klokka nærma seg 12. Ho hadde nemlig «gjøkur» på stova. Og klokka 12 gol gauken mest, åsso måtte Besta trekke oppatt lodda og dermed klokka. 🙂

Når ho var heime, og etter at ho slutta å reise, brukte eg ofte å ete frokost i lag med henne. Ho kokte egg til oss på ein vanlig kvardag, midt i veka, hadde Sunda og Hapå. Kokte kaffi, og den fekk eg dyppe kavring i, og ha godt smør på. 🙂 Seinare brukte ho pulverkaffi «Neskaffi gull». Av og til må eg ha meg ein sånn for å kjenne lukta og smaken, og tenke på Besta 🙂

Besta på loftet

Ho sat i gyngestolen sin og enten slo ho nupreller eller so hekla ho. Ho var eit oppkome av historier. Fortalde om gamle dagar. Om gamlebestå som sovidt klarte å kome unna bjørnen oppi bakkane, ved å kome seg inn i ein vårfjøs. Når ho ikkje kom ned igjen til venta tid, gjekk mennene opp med faklar og skremde vekk bjørnen, fann dama og fekk henne trygt nedatt. Og om ho som akkurat kom seg inn i huset, før ulven fekk tak i henne, men dessverre greidde gråbein og ta hunden. Ho fortalde om når ho fann svigerfaren sin (trur eg det var) etter at han hadde ramla ned i ei ur i Alida og slått seg ihjel. Om «Raudskjortamannen» som gjekk igjen i det gamle skulehuset, som seinare vart huset på Nybø. Syns han sto og lurte i alle krokar, spesielt når eg var heime åleine. Ellers fortalde ho mykje om folk og livet i bygda i gamle dagar, spennande historier.

Etter skuletid brukte eg og gå opp til Besta, ho gynga i stolen og prata, – og eg bikka på senga, – og visste ikkje meir før mamma ropte at det var middag. 🙂

Trønder likte også senga til Besta.:)

Ho kunne slekta på rams. Bl.a. fortalde ho at dei hadde tenkt at eg skulle heite Elisabet, men ho hadde stått på forslaget sitt om Gunhild, -etter den første i vår familie som kom til Lid. Gunhild f. Ytrehorn og Knut Maurset kom frå Horningdal, slo seg ned i bygda, og tok namnet Lid. Ho fortalde også at huset deira brann, og Knut døde seinare av skadene han fekk i arbeidet med å sløkke brannen.

Litt artig at eg no har funne meg ein Knut-Arne, og bur i Martavegen 🙂

Besta var veldig flink å synge og spele. Ho var stolt av, og glad i den fine korsongen som alltid har vore i Lid. Når ho var ute reiste, hadde ho med seg gitar. Seinare åra vart det noke gale med to fingrar, so ho greidde ikkje å spele gitar, men då vart det harpeleik. Ho spelte og song, so det dondra i heile huset 🙂 Koselig dondring also. Ho hadde også ein kasettspelar som ho brukte mykje når ho sat der åleine. Rart med disse lydane som ikkje er der lenger…

Harpeleiken. Skammelig støvete.

Eg var so heldig å ha Besta til eg vart 17 år. Also heile oppveksten. Ho må nok ta stor del av ansvaret for intressa mi for historie og slekt, sjølv om eg ikkje på longt nær har same oversikta som ho hadde 🙂

 

Besta på 80 årsdagen

Ho kjem nok til å dukke opp i monge av innlegga mine frå gamle dagar.

 

 

 

 

2 kommentarer til «Besta på loftet – Marta»

  1. Ja, ei bæssmor i livet sku alle ha! Koseleg blogg du har, Gunhild! Inger og eg har tenkt oss på besøk til mamma Anna. Er ho på legeloftet, og bør vi ringe til henne før vi dreg bort? Klem Hilde

    1. Bestemødre er undervurdert ?
      Ja, mor er på legeloftet. Ho likar veldig godt å få besøk, so det blir kjekt ? kan nå ringe, slik at ho kan gle seg, og dokke veit at ho er heime, men det er strengt tatt ikkje nødvendig. Ho likar overaskelsesbesøk også ?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *