Barneforeininga

Signe hadde barneforeinga i monge år. Annakvar veke opna ho heimen sin for ungane i bygda, og det var monge på barneforeining. Det var kjekt at det foregjekk noko so longt ut i bygda. Andre ting var oftast på bedehuset, men barneforeininga var hos naboen. Kunne vente til eg såg dei andre borna kom, før eg sprong opp dit. 🙂

Alle hadde med ein liten gevinst og me hadde utlodning. Gevinstane kunne vere eit eple, ei appelsin, eller andre ting, vart lagde på rekke på bordet, og trekt ein etter ein, etter råkes. Ho hadde ei loddbok og det kosta 10 -, seinare 25 øre loddet.

Signe las til oss frå forskjellige bøker, gjerne med fortsettelse neste gong. Eller ho kunne fortelle eventyr. Åsso song me. Signe var veldig flink til å synge. Ein song me song ofte var: «Ingen er so trygg i fare, som Guds vesle barneskare.»

Ho fortalde om samane og samemisjonen, som inntektene gjekk til.

Ein gong i året var det basar. Denne måtte me finne på progam til, og opptre. Me laga fine plakatar og hengde opp rundt i bygda. Det var også borna som gjekk rundt og selde lodd. Bygda vart delt i kvar sine delar.

Når det var basar vart det flotte bildet av ein same og ein rein, leita fram. Veit ikkje kven som hadde tegna det i si tid, men det var eit utrulig flott bilde. Det var tegna med farga krit på svart «tavlestoff».

Kvelden før basaren var me på bedehuset og dekka bord og pynta. Gjekk vel over programmet også 🙂 Ein liten miss ein gong var at me pynta med hegg. Den som er so fin, og luktar so godt ute. Den lukta ikkje so godt når den kjem inn og står til neste dag. So lærte me det også 🙂

Det var alltid fine gevinstar på basarane på Lid. Men: På barneforeingsbasaren var det ei dokke med stor garderobe, som Randi på Berknesa (Sersjant-Randi) sydde. Den var alltid den flottaste gevinsten. Alle hadde lyst på den, men ofte var det gamle menn som vann den 🙂 Trur eg. 🙂

Til juleavslutningane dekka Signe på spisebordet sitt, og me fekk brus og kaker.

Når ein tenke tilbake, so var det utrulig fint gjort av Signe å halde på med dette. Samle ungane i stova si, gong på gong, år etter år. Ho hadde nok nokre gode hjelparar, men dei jamne møta sto ho for åleine.

Håper og trur at ho hadde glede av det sjølv 🙂 Kjekt var det for oss iallfall! Fine minner å tenke tilbake på ?

 

 

 

1 kommentar til «Barneforeininga»

  1. Vi har så mange like erfaringar! Vi hadde snille, tolmodige Henny som leiar for vår barneforeining. Ho las frå bladet til Santalmisjonen: Glimt frå India. Vi strikka og broderte, hadde loddbok på møta, basar i bedehuset som Henny og vi ungane stelte til og gjekk over øya med loddbøker. Foreiningane hadde vi heime hos kvarandre. Der vart det servert kakao, bollar og skiver. Du verden kva vi fekk med oss!!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *