Loddsalg

Eg har ikkje tal på kor monge gongar eg har gått gjennom bygda og selt lodd. Det var ofte basar på Lid, og folk var flinke til å kjøpe lodd. 🙂 Det vart også nokre turar med fastelavensris og maiblomst for sanitensforeininga. Bygda er grei å gå med lodd i, då husa stort sett ligg etter vegen frå ytterst til innerst, og opp til Eidheim til slutt.

Det var loddbøkene me gjekk gjennom bygda med, med dei finaste gevinstane. I tillegg var det tombola på basarane.

Den gongen var det kanskje ikkje alltid so kjekt, men når eg no ser tilbake, ser eg kor heldig eg var som fekk lov til dette. Ein fekk god oversikt over kven som bodde i bygda og kvar dei bodde.

Og når eg no har vorte eldre og har bedre oversikt over mykje, kan eg tenke meg at det var nokre som sette stor pris på å få besøk av loddselgarane. Då som no, var det vel monge som sat mykje for seg sjølv, og syns det var kjekt når nokon stakk nasa innfor døra. Sjølvfolket i hovedetasjen i husa var påpasselige med å sende oss på loftet til dei som bodde der.

Ofte var det dei som kjøpte mest lodd, og det var vel gjerne desse som hadde lagt grunnlaget for foreiningane som hadde basar 🙂

Kan hugse monge av dei hadde store klokker som tikka sterkt, tikk-takk, tikk-takk, og slo halv og heil time. Ensom lyd. Eller me haurde den bedre for det var heilt stillt medan det vart leita etter loddpengar.

Der vanka det gjerne eit eple, ein sjokoladebit, eller kamferdrops. Det var lønna for å gå med lodd 🙂

Nokre plassa måtte me passe på at oksen var fast, andre plassa at hunden sto i band eller var inne. Faktisk var det eit par hus det var litt skummelt å gå inn i, me trudde dei som bodde der var fole strenge, men stort sett gjekk det bra 🙂 Trur ikkje dei var so skumle som me trudde heller. Det vart vel brukt litt fantasi til å innbille kvarandre forskjellig. 🙂

Me gjekk med lodd om det var kaldt, vått eller fint veir. Av og til var bygda veldig long, av og til delte me den mellom fleire loddselgarar. Bøkene vart også sendt på Yksnøya og til Steinnes.

Iallefall er dette ei erfaring eg ikkje ha villa vore utan 🙂

Me kan gjerne vere takksame for oljen i Norge. Men jammen har det vore samla inn mykje pengar på basar og i frivillig arbeid rundt om på bygdene. Me hadde ikkje hatt det so godt i Norge om det ikkje var for dugnad i ymse foreiningar og lag. Om me ikkje hadde hatt Sanitetsforeiningane, Helselag, Bondekvinnelag, Røde kors, Blå kors, Redningsselskapet, Luftambulanse, KFUM/K, idrettslag, grendalag og mykje, mykje anna.

So folkens KJØP LODD, FASTELAVENSRIS, MAIROSER OG JULEKALLENDER – støtt gode lokale saker 🙂

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *