VÅR

 

«Sjå det lid mot sumar, treet stend i knupp.                                                                  Snart den grøne kumar, spretter livsglad opp»

Den finaste, vakraste, beste tida 🙂 Vårsol i bakkane blenkte – alltid tidlig i Lidabygda.

Det å endelig kunne ta på seg småsko. Ikkje trenge hue og vottar, og kanskje ikkje boblejakke heller. 🙂 Det vart lenger lyst, og me kunne vere meir ute .

Høyre småfuglane synge, medan dei bygde reid, og å vente på kusymre og kvitveis. Like spennande kvar dag på skuleveg om dei viste seg snart. Snøklokker, klosterklokker og krokus blomstra lenge før me kunne vente på vår, det vart ofte nokre snørider etter at desse hadde blomstra 🙂

Sykklane vart leita fram, og det var kjekt å hoppe tau, -strekk og -paradis igjen. Det var ikkje so longt inn i Berkvika, eller inn på skuleplassen på ettermiddagane, når me slapp å møkne ute. Me hadde monge leikar, veit ikkje om kan hugse korleis dei var. Det må eg tenke litt på. 🙂

Her eg sit og ser bort på Rotset, kjem eg på ein leik som gjekk ut på å stele land frå kvarandre. Me laga ein runding, delte den i like delar etter kor monge som var med, og me hadde kvart sitt land. Åsso skulle me stele område frå kvarandre. Dei største vann, for dei nådde lengst 🙂

Hyttebygging i skogen, eller på Kråkeneset kunne starte.

Men me måtte ikkje rulle oss på marka, då kunne me få gost.  🙂

Litt seinare var det å sjå i vegaveitene om det var komt gople (froskeegg) der. Dei måtte me ikkje ta i, då kunne me få vorter på hendene, vart det sagt. Det hende seg at me hadde nokre oppi eit glas og tok med heim, men det var ikkje særlig populert hos verken mor eller Besta. Dei syns det var best å la å la dei få vere i fred. Etterkvart vart dei rompetroll og stakk av, for å bli til Lappegro 🙂

Dette var også tida til å lage tvitt (seljefløyter). Pappa var gjerne med på det. Ein måtte passe seg litt med kniven. Det var viktig å kakke nok på barken, gjerne medan han song ein song. «Napolion med sin hær» passa fint 🙂

Pusekatt eller Gåsunge

Og å samle save (sevje) frå treda. Då kutta me ei grein av bjørka og hengde ei flaske på stubben som vart att, dermed rann saven ned i flaskå. Denne blanda me sukker i, til bjørkesaft, og drakk 🙂

Ettersom me var meir ute, vart ansikta snart fulle av vårjæler 🙂

På gardane og i hagane innover bygda var det mykje rydding og folk brende brising, det lukta vår. 🙂

Det var eit «fenomen», eg er ikkje  sikker på om det var spesiellt om våren, men det var den merkelige lukta (stanken) frå sildoljefabrikkane i Fosnavåg. (?) Den spreidde seg med jamne mellomrom, heilt inn til Lidabygda. Hugsar me syntest synd i dei som bodde der ute. Korleis kunne der vere, når det var sopass ille på Lid 🙂

«No livnar det i lundar, no lauvast det på Lid»  🙂

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *