Basar

Omtrent ein gong i månaden var det basar på Lid i gamle dagar. Og det var oftast på laurdag ettermiddag 🙂

Alle lag og foreiningar hadde kvar sin månad ganske fast.

På basarane var det ymse program. Mykje song og musikk. Og andakt, den som heldt andakta var ofte ein som hadde meir sentral rolle i organisasjonen til den foreininga som heldt basaren.

Av og til var der misjonærar som viste lysbilder frå opphald i fjærne strok. Det var artig og spennande å sjå og høyre frå andre kantar av verda, f.eks. Madagaskar, med eksotiske folk, hus (boplass) og blomster, og frå sjømannkyrkjer.

På borda på scena sto gevinstane. Eit bord med dei finaste, som skulle trekkast på boka, og minst to bord med tombolagevinstar. Der var det alt mulig slag. Tjukkelesta, gryteklutar, epler, kaffi, sjokolade, notisbøker, osb. Det vart selt lodd i fleire omgongar. -gule, blå, rosa og grøne.

Det vart lagt fram x-antal tombolagevinstar på kvar farge. Når dei var trekt var det ny farge, med bokstav og nummer.

«No må dokke leite fram dei Rosa lappane, A for Asbjørn»                             nr.22 f.eks. denne kunne også vere 122. Seinare vart det laga Åra i tre, med fleire nummer på kvar åre.

Midt i basaren var det matykt. Då barst det ned i bedehuskjellaren. Kaffilukta hadde allereide sneke seg oppi salen og frista 🙂 I kjellaren hadde damene dekka borda. Og maten: ein bolle med ost eller skinke, og eit kakestykke, -mor monsen eller sitronkake med melisglasur. (iallfall det eg hugsar) Fint pakka inn i ein serviett for kvar kuvert. Det tok seg flott ut bortover borda. 🙂

illustrasjon

Ein fin tradisjon etter desse måltida var at alle strekte eine handa framover bordet, la hendene oppå kvarandre og sa: Takk for skiftet. Har prøvd det i ymse samanhengar i det siste, og det som er so fint – er at folk er med på det 🙂 Eg veit ikkje heilt kvifor me gjorde sånn, men det er ein koselig skikk. Kan tenke meg at det enten er for å ha delt eit måltid, eller at det har vorte spleisa på maten?

Etter matykta var det ny runde med lodd, og til slutt -trekning på boka.

På boka var det gjerne hekla og broderte dukar, puter, strikka gensarar og anna flott handarbeid. Bortsett frå dokka med garderobe på barneforeiningsbasaren, var gevinsten alle ville vinne – fruktorga 🙂

Lisje-Johan var ein kløppar på trekningsapparatet som vart brukt til gevinstane på boka. Dette måtte ristast og lesast av, og ein måtte finne rett nr. i boka.

Trekningsapparatet

Det var alltid kjekt med basar 🙂

Ein ting eg har lurt på:

Korleis i all verden har desse, spesiellt damene, hatt tid til alt?

Berre det å lage so mykje fint til alle desse utlodningane. Det tek long tid å hekle eller brodere ein duk, eller strikke ein gensar. Til og med å strikke eit par lestar tek litt tid. Kakene var heimelaga, og det skulle førebuast, dekkast bord, og pakke serviettmatpakkar. Og ryddast oppatt.

Dei hadde heimar og ta seg av,- ungar, -gamle, -dyr.. også det var mykje meir arbeid då enn no.

No kan me gå på ein butikk og kjøpe alt mulig, det kunne ikkje dei den gongen.

Det er ikkje mindre enn heilt imponerande. Tusen takk for alle basarane! (sjølv om monge av slitarane no er borte )

 

 

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *