Austefjord museum, Årsetøysamlinga

Årsetøya

I helga var det  Austefjordhelg. Vi tok turen innom og fekk oppleve fin underhaldning frå utescena, kjøpte oss god grillmat av blide damer, og traff mykje folk. Eit flott arrangement austefjordingane får til dette. 🙂

Vi var litt tidlig ute, so vi bestemte oss for å gå på Austefjord museum – Årsetøysamlinga, då vi ikkje har vore der før. Museumet ligg i enden av austefjord skule.

 

Austefjord skule
Austefjod museum

Med forventningar om å få sjå diverse redskap og remediar brørne på Årsetøya fann opp og laga for å klare seg på øya, gjekk vi inn.

Det var der også, men vi vart mektig imponert over at det var SOO mykje anna.

Dei har sote og spikka og laga dei finaste miniatyrane om daglege ting, som flatbrød/lefsebaking, trusking, silde-, sel-, kval-, størjefangst. og mykje anna. Med små folk som styra på 🙂

Sildefangst
Selfangst
Størjefangst

Også ei samling med forskjellige fiskeartar har dei spikka og mala, og festa på plater – som kunne leggast saman som ein koffert. Desse vart brukt i undervisning, som mykje anna av det dei laga.

Vi fann store «permar» med maleri med motiv av sætrar og grender i omegnen.

Rindalsætra

Syntest i grunnen dette var imponerande og intressant nok, men då oppdaga vi at det var eit rom til 🙂

Der inne var samlinga med innsekt og fugleegg. Små innsekt festa i små glasplater slik ein kan studere det i mikroskop. Og ymse saker lagde på sprit. 🙂

Og bak i kråa var samlinga med utstoppa dyr og fuglar.

Brørne på Årsetøya har sannelig vore produktive. 🙂

Oddgeir Bruaset laga i si tid eit program om livet på øya. Det ligg under namnet «Mannen på holmen» på NRK sine arkiv, og også på youtube. Varer i ca 35 min. og er eit fint program, der Knut Årsetøy – då 90 år gammal, sjølv fortel.

Takk til Austefjord Museumslag, som har samla og tek vare på desse flotte tinga, slik at vi kan få ein slik fin opplevelse. 🙂

Eit besøk til Austefjord Museum kan virkelig avbefalast. Dei har også samla ting frå andre stader i Austefjorden.

Museumet har ikkje faste opningstider, men ein kan avtale etter ynskje.

Dei har også heimeside og facebookside. 🙂

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *