Ramslauk :)

Eit nytt innlegg i serien «Gunhild gjer ting ho ikkje kan», eller iallfall ikkje har prøvd før. 🙂

Eg hadde ikkje haurt om ramslauk før vi opna Spiskammerset AS, og fekk selge Ramslaukpurè frå Nordal. http://ramslauk.com/ etter å ha smakt den, vart vi hekta og har brukt den mykje sidan.

Ramslauk er ei urt som vart brukt allereide i vikingtida. Det er norge sin kvitlauk, og minst like god 🙂 Den veks villt i lavlandet frå austlandet til trøndelag. Likar seg best i tett lauvskog, med lite sol. Den har vore brukt som medisinplante, har antibakteriell virkning, er bra for blodsirkulasjon – dermed hjerte/kar, er bra for ballansen i tarmfloraen, fordøyelse, kolikk,  og mykje anna.

Nok om det 🙂 Det var Nordis, søstra mi som visste om denne hemmelige, lure plassen der den veks, og ho hjalp meg å plukke oppi ein pose. No skulle det prøvast – å lage alle desse godsakene av ramslauken. 🙂

Eg vart litt sein heim den kvelden vi var å sanka. Nordis meinte eg kunne berre legge blada i kaldt vatn til neste dag, og det syns eg var ein god ide. Sidan dei må vaskast godt uansett. Eg vaska godt vaskane på kjøkenet og la alle blada oppi, og tappa vatn på. Men det gjekk ikkje lenge før eg såg føre meg at eg kom opp neste morgon, og kjøkkenet var fullt av sniglar og styr som hadde kome krypande utav diverse gøymeplassar. Dermed gjekk eg laus og vaske – eit og eit blad for å vere sikker på at alt utøy var vekk. So la eg dei i tomme isboksar, tappa vatn på og la på lok til neste dag. 🙂

Neste dag skylde eg igjen, rista dei, og la dei til tørk utover bordet. Det var då eg kjende att lukta – slik det lukta etter ein skikkelig regnskur i barndomen. Ramslauken har nok vore der ja, eg visste det berre ikkje 🙂 Mor likar den ikkje, for ho huska kor mjelka smakte når kyrne fekk tak i godsakene 🙂 Ho fekk smake når vi hadde på butikken. Trur det er første og einaste gong eg har haurt henne sei BLÆH.:)

Då var det å sette i gong med sjølve produksjonen. Oppskrifter og råd fann eg på nettet. 🙂

Ramslaukpurè: Ramslauk, olje, litt salt.

Veldig godt både til fisk og kjøt. Ei tesjei i smelta smør, litt meir i eit beger rømme, i olje og marinere kotelettar eller biff. Blande i smør til bakt potet.

Ramslaukolje: Ramslauk, olje, litt salt. Må stå i kjøleskapet eit par dagar før ein silar den.

Brukast i marinade, til salat, i dressing, dip.

Ramslauksmør: Ramslauk, Meierismør, Brelett.

Spesielt godt til bakt potet, eller på loffskiva til salat. Det går også fint å bruke litt ramslaukpurè i smør.

Ramslauksalt: Ramslauk, Havsalt. Tørkast og blandast.

Har eg ikkje prøvd før, det blir spennande 🙂

Eg har brukt kjøkkenmaskin med kniven for å få litt grovare hakk. Det går ellers an å bruke stavmiksar eller blender, då blir det meir mosa.

Dette med bruk av kjøkkenmaskin… Du har hatt oppi alt du skal. Slår på og det bråkar. Du står og ser på og ikkje forstår kvifor det ikkje skjer noko meir. Du slår av og på igjen og det er sameleis. Eit lite tips berre… Prøv å sette nedi kniven 🙂 🙂

No kan iallfall vi gle oss til grillsesongen.  🙂

Namnam 🙂

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *