Juleførebuing på Nybø

NYBØ

Førjulstida var sjølvsagt ei hektisk  tid på Nybø, spesiellt for mor. Førebuinga starta tidleg. Det skulle både ordnast julemat, bakast og vaskast. Nye kle skulle strikkast og syast. Det var ikkje berre å gå på butikken og kjøpe. Det vart sydd om, og nytt. Mor kjøpte stoff ho sydde kle av i ein liten butikk i Smitsgate (tausakjæringsgata). Syntest det var kjekt å bli med dit. Der var stoffrullar i alle slags flotte fargar og mønster, og det var imponerande når dama slengde rullen på disken og målte opp 🙂 Når mor sydde klede var stova full av oppklipte stoff, mønster og ferdige saker. Det såg ut som eit bombenedslag, men ho hadde full kontroll. Trylla fram dei finaste saker. 🙂 Det hende meir enn ein gong at eg måtte under sofaen og hente tråsneller, so eg kjende meg igjen i Prøysensongen, som pappa song, om lillebror: Det kan bare lillebror,og bare, bare han. Det er det bare lillebror, og bare han som kan. 🙂

Buret på garasjeveggen, sommarstid.

Dei brukte å kjøpe eit heilt slakt som mor og far gjekk laus på med kniv,sag og øks. Det skulle mykje mat til, til 7 born, mor og far og Besta på loftet. Lår og ribbesider vart hengde opp i eit bur som pappa laga spesiellt til det bruk, det hong på garasjeveggen. Eg kunne ikkje forstå vitsen med å henge det i bur, som om det kunne stikke av liksom. Men vart tålmodig forklart at det var for at fluger, fugl , katt og anna ikkje skulle kome til, sjølvsagt. 🙂

På veg heim frå skulen lukta det godt julebakst frå alle heimar. Ein kunne kjenne dirringa frå kav og slit for å kome i mål til jul 🙂

                   

Besta på loftet brukte å lage rosettbakkels, risbollar, og delfiakake. Ho steikte også goro. Til goro og krumkaker hadde dei jarn som dei la på komfyrplata, og snudde slik at det vart steikt på begge sider.

Mor laga smultringar, sjakkruter, sandkaker, krumkaker, potetmjølstoppar, julebrød og mykje anna godt. Og sjølvsagt julemenn 🙂 Lefser og flatbrød baka dei i lag.

Maling av julemenn.

Kan spesiellt hugse at eg fekk hjelpe til med messingpuss. Det har eg aldri likt, so det var ein av dei kjedelige tinga 🙂

Vi brukte å reise til Ørsta på julehandel. Det var so fint pynta i alle butikkvindauge og Vikegata var flott. Kan hugse ein stor nisse i eit vindauge, er usikker på kvar det var, men trur det var hos Fotograf Lystad. Det store juletreet sto på torget eller bussholdeplassen, der det no er parkeringsplass. Der Europris er no var Samvirkelaget. For meg, på den tida, var dette ein kjempediger butikk. I første etg. var det daglegvarer, og i andre etg. var steintøy og kjøkenutstyr. Det vart nok ei pause for oppvarming på Gjestestova også. Ein liten koselig kafè i 2.etg. på Landhandelen. So reiste vi heim med Steinnesbussen 🙂

 

Det var alltid snøv og julestemning 🙂

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *