Julefeiring på Nybø

 

Nybø

Ein av dagane før jul fekk eg lov å vere med far opp i skogen og hente juletre. Det var både kjekt og litt skummelt. Ein visste ikkje om det var både nissar og troll ute og fôr på denne tida. Men heldigvis gjekk vi medan det var lyst. Og dessutan – kven kunne vere redd når pappa var der 🙂 Treet måtte stå i kjellaren nokre dagar før vi kunne ta det inn i stova og pynte det på lisjejulafta.

Det brukte å kome ei stor kasse frå Stave, med forskjellige julegodterier oppi. Nete (nøtter), dadlar, fiken, sjokolade, appelsin og druer, osv. Eg har heilt til no, lurt på korleis den kassa kom dit. Såg aldri at den kom. Den berre sto der plutselig 🙂 Okei, nyskjerrigheita vart for stor, eg måtte spøre mor her eine dagen 🙂 Ho sa den kom med skyssbåten. Vart ekspedert. Olemann på Bøen dreiv post og ekspedisjon og reiste ut og henta varer på båten når den kom. Aha, so var det ikkje slett so mystisk likevel. 🙂

Besta på loftet brukte å kjøpe ei heil kasse brus. Brus fekk vi berre til jul og på 17.mai, og i eit og anna selskap, so det var stas.

Vi var so utrulig heldige at vi hadde vår eigen «julenisse». Føremiddagen på julafta gjekk stort sett med til å stå i kjøkenvindauga og vente, og sjå om han ikkje kom rundt svingen snart. 🙂 Eg kan ikkje hugse anna frå julafta dagtid enn at vi venta på Jo-Alfred.

svingen frå kjøkenglaset

Og der kom han – med ryggsekk og melkespann. Kva som var i melkespannet er klart, kva som var i sekken hugsar eg ikkje, det var nok gåver. Men spenninga og kor vi gleda oss til han skulle kome, det er nagla i ryggmargen 🙂

Ein ung Alfred

Alfred var onkel til far og budde på og dreiv Jogarden, der farfar var ifrå. Han, broren Jon og søstra Synnøve var ugifte og budde på farsgarden i lag. Kan svakt erindre at vi var der i juleselskap. Dei hadde bestestove (det var monge som hadde, men ikkje vi) Det var skyvedør mellom stovene, og veldig koselig. Tante Synna diska alltid opp med god mat. 🙂

Det som likevel var Aller Største Stasen for lisjesystå på Nybø, var at dei to eldste syskjena kom heim til jul. Dei reiste heimanfrå allereie når dei var 16-17 år,( eg var 4-5). Ut i verda å skaffe seg utdanning og jobb. Paul vart kokk og reiste på sjøen. Kjellrun vart postdame og jobba i Oslo. Dei kom heim berre i høgtider og om sommaren.

Storebror, Storesystå og lisjebror 🙂

Dei var so snilde og so vaksne, og flotte. Eg var so stolt av dei, og skrytte av at dei skulle kome heim, til venninene mine 🙂 Det vanka både sjokolade og gåver når dei kom heim 🙂 Ikkje at eg ikkje er glad i, og set pris på dei andre, men den dag i dag syns eg det er ekstra stas når Paul og Kjellrun kjem heim. 🙂

JULAFTA

Då var endelig tida alle hadde gleda seg til koma. Klokka 17.00 var den store middagen. Det var minst 10 ved bordet, 7 born, mor, far og Besta. Det hende også at dei tre ugifte søskena til Besta var der. Anna, Berta og Johan. Korleis alle har fått plass forstår eg ikkje, men sånn var det. Vi var sjølvsagt litt mindre då 🙂 Pappa las juleevangeliet, vi song for maten, og so var vi i gong. Først julesuppe med rosiner (melkesuppe med semulegryn) So var det fåreribbe, pølse, mør, rødkål, rabbestappe og potet. Til dessert var det riskrem med raud saus. Måltidet varte og rakk. vi syntest vel det varte altfor lenge vi som venta på pakkane, men enno var det lenge til pakkeopning 🙂 Først måtte det ryddast og vaskast opp. Møblar måtte stablast vekk og treet skulle stå midt på golvet. No kunne vi endelig hente pakkane og legge dei på plass under treet. Då var det tid for gong rundt juletreet. Vi var so monge at det vart en stor ring. Besta sat på ein stol og trampa takta og song. Den eine etter den andre julesongen. Ho la gjerne på ei andrestemme. Og vi gjekk, og gjekk, og gjekk. 🙂

Til slutt var det tid for å opne pakkane. Det vart seint på julafta på Nybø..vi var trøtte og slitne etter ein lang dag. Og 1.juledag var det opp i gryottå for å kome oss til julotte i Volda. 🙂

GOD JUL 🙂 ? ? ?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *