Før jul var det mykje aktivitet på Lid skule. Skulen var delt i småskule (1.2.og 3.klasse) og storskule (4.5.og 6.klasse). Bl.a. laga vi Juleavis kvart år. Det var mykje arbeid. Vi intervjua,- gjerne eldre, folk i bygda, laga kryssord, skreiv gåter, og andre innlegg. Alt dette måtte kladdast og førast over på stensilpapir. Desse måtte vi stensilere i det antal vi ville ha. Kan enno kjenne lukta av «stensilsprit» 🙂
Først hadde vi stesileringsmaskin med sveiv, men etterkvart fekk vi ei elektrisk som var litt raskare 🙂 Vi lagde nok aviser til at alle husstandane i bygda fekk kvar si.
Vi laga julelenker, julekorger og stjerner til å pynte med, og klipte ut i silkepapir og limte i vindauga. Og sjølvsagt julegåver 🙂
Ellers var det mykje arbeid å arrangere julefest. Der hadde vi innslag av blokkfløyte, skodespel, sketsjar, song, og anna vi måtte finne på. På denne måten lærte vi også julesongane. Vi laga flotte plakatar og hengde opp rundt i bygda. Der sto det bl.anna:» Ta med mat og kopp» og folk tok med mat til seg og sine. 🙂 og «Gong rundt juletreet»,som var ein viktig del av julefestane.
Dette var den tida heile bygdefolket gjekk på julefest, og skuleelevane hadde ansvaret for programmet 4.juledag. 2.juledag var det ungdomsforeininga, og 3.juledag var vi gjerne på Steinnes.
Fint å tenke tilbake på denne tida. 🙂 Tenk alt vi lærte!