Vinteraktivitet.

Borna på Lid samlast ofte og rende oss i brautene, ettermiddagane og kveldane vinterstida. Me hadde «Berknes-/Jobrauta», «Leitebrauta», «Berkvikbrauta» og «Ellingbrauta». Desse brautene har forskjellige lengder og stigning. Det som var fint, var at det var lampar på fjøsa, som sto nær vegen i desse bakkane. Det var sparsomt med gatelykter, men folk var flinke til å ha på utelyktene sine. Vegen gjekk mellom hus og løder gjennom heile bygda. Det var ferre bilar enn no, men me passa godt på om det skulle kome ein. Dessutan visste nok sjåførane at dei kom til å treffe på ein gjeng i ein av bakkane. 🙂

Åsso hadde me Eidheimsveien. Der var ikkje lys, so den vart vel brukt mest på ettermiddagane i helgane. Eg var ikkje so ofte med å rende der. Det var ikkje slett alltid eg fekk vere med brødrene mine, sjølv om dei var flinke å ta meg med 🙂 og Eidheimsveien var nok ein slik plass. Dei skulle tross alt kome seg både opp og ned, kanskje fleire turar. Eg vart nok ei sinke i den sammenheng. 🙂

Me rende på rattkjelke, «krobbe», akebrett og spark. Ikkje alle hadde eigne saker, men me sat på med kvarandre, eller bytta på. Kan tru det var skrik og skrål. Det gjekk so huer og vottar spratt, og ungane også forsovidt. Me hamna nok ofte i grøfta eller nedover markane 🙂

Berknesbrauta/ Jobrauta (Frå tida dei laga båtar i løda til Odd. Berknes Båt AS)
Leitebrauta

Desverre er bilda tekne på sommarstid. Fann ingen vinterbilder.

Inn i Leita hadde dei ein kjempediger kjelke, med plass til fleire på (5-6 trur eg). Denne fekk ei forrykande fart 🙂 Det var gjerne dei største gutane som måtte drage den oppatt, den var ganske tung. Lurer på om den fins lenger.. Trur dei fleste på min alder + – , har sote på med den 🙂

Rattkjelke

Ellers var det å renne på ski og akebrett i bakkane. Plastposar og krysfinèrplater fekk også god fart. 🙂 Spesielt var det i Jobakken me styra. Det var mykje arbeid å trakke bakkane og lage løyper og hopp. Eg var stor før eg haurde om skitrekk og dessutan var det altfor longt å reise for å finne eit. Me vart ikkje kjøyrde hit og dit. Det var til å  dit me ville.⛷

Det som vart kortaste vegen var marka hennar Signe. Der gjekk me rundt og rundt 🙂 Og det passa nok best for meg og mine ski. Dei kom frå bosomnen i Alida (der fann me mykje rart), var fine og raude. Dei hadde ikkje binding, men reimar over støvlane, so eg likte meg best på flat mark 🙂

Det same var med skeiser. Reimar over støvlane. Fekk aldri taket på å gå på skeiser. 🙂 Me brukte å gå ned på Matadalsvatnet når der var trygg is. Og om eg ikkje var en racer på skeisene, so var eg der i lag med dei andre 🙂

Av og til gjekk me framover Lidamyrane opp til Eidheim. Hugsar eg tryna so grenselaust fram med ein vårfjøs der ein gong 🙂 ⛄Skikkelig snømann som røyste seg oppatt, måtte leite etter hua. Heldigvis var mor og far med den gongen. 🙂

Gunhild på ski på Eidheim

Det var svoltne, trøtte, slitne, våte og kalde unga som kom heim om kvelden. Raude kinn, naser og øyrer. Kalde te (tær), og naglebet 🙂

«Set dej ne å klapp kattè» sa ho Besta på loftet når eg hadde naglebet.

Trønder

Og det var eit godt råd :)?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *