En vanlig dag – eller kanskje ei blanding av monge :)

Eit av dei finaste minna frå barndommen er å våkne til fineveir, – solskin, – fuglesong og mamma sine kjende lydar frå kjøkenet. Det å stå opp og kome ned og finne utedøra opa, og sette seg ut på trappa og nyte morgonen… berre høyre på fuglane og kjenne sola varme. Berre sitte der ei lita stund… stille. 🙂

Mamma hadde fått dei andre opp på skule og jobb, og hadde starta på dagens arbeid. Ho styra frå morgon til kveld, det var mykje som skulle ordnast i heimen vår.

Radioen sto på, og eg brukte å høyre barnetimen for dei minste. Det var Alf Prøysen med sparegrisen som fekk tiøringen sin, og fortalde bl.a. om teskjekjærringa. Anne Cath. Vestly med Ole Aleksander fillibombombom og Aurora. Det var Ingebrikt Davik med Taremareby, om Krabbe Krølle og dei andre på havbotnen. Kirsten Langbo, som laga trompetlyd med munnen. Torbjørn Egner med Hakkebakkeskogen, og mykje anna. Det var ofte fortsettelse neste dag – i ei veke, so en måtte kome seg opp og fylje med 🙂

Teskjeikjærringa 🙂

Det hende seg at det var skulefjernsyn på føremiddag. «Mystery on the moors.» Eller «Trim for eldre» med «Bedre og bedre dag for dag» og Tarallallallalaaa og stans 🙂 Det var ikkje kvar dag det var sending på føremiddag. Då var det kanskje berre prøvebildet, men av og til pausefiskane. Fasinerande sakte-tv, allereide då 🙂

Kl.12.00 var det tidssignal, nyheiter, veirmelding, fiskerimelding og nytt frå Oslo børs på radio. Imponerande med alle bankane ut i havet. 🙂 Dogger, Ekkofisk, Frøyabanken og Haltenbanken. So og so mykje var tatt, -på line, -i stamp, -i garn, og -på snøre.  I veirmeldinga snakka dei om Ofoten, Lofoten, Sør og nord for Stadt, austafor og vestafor fjellstrok og dalstroka innafor, og Jyskerev og Skagerak. Frå Oslo børs hugsar eg berre Bjølsens valsemølle 🙂

I alle fall, då var det tid for mamma og ha seg ein matbit og kaffi. Då sat me der og åt i lag, eg og ho. Snakk om kvalitetstid. Då hadde ho tid å sitte i ro eit øyeblikk 🙂 Har alltid vore flink med rutiner, mora mi. Det er ho enno, heldigvis 🙂

Etterpå gjekk me kanskje ein tur inn på butikken S.P.LIED, og å henta posten. Posten henta me på Bønå, med Olemann. Der var ofte andre i same ærend. Kunne treffe litt folk etter vegen den tida. Stoppe opp og slå av ein prat. 🙂

Me måtte nok likevel heim og fortsette arbeidet og starte på middagen. Eg fekk nok hjelpe til med forskjellig, men gjekk vel oftast i vegå. 🙂

So var det vel å vente på at alle skulle leite seg heimatt frå skule og arbeid. Noken på sykkel og noken med buss, og Pappa kom med Steinnesbussen. Når Bø-Jarle kjaurde sat han på heilt heim, og når Guttorm på Steinnes kjaurde, gjekk han frå snua på Berkneset. Då kunne me gå Pappa i møte, eller om me var der «uttaførr» og leika, kunne me slå fylje med han heimatt.

Då var det middag 🙂

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *